Det kosakkiske hetmanatet



Hetmansjtsjyna
Det kosakkiske hetmanatet
Autonom stat i Det polsk-litauiske samveldet¹

 

 

1649–1667
Flagg Våpen
Flagg Våpen

Location of Kosakkiske hetmanatet
Location of Kosakkiske hetmanatet
Styreform Monarki
Hetman
 - 1648–1657 (første) Bohdan Khmelnytskij
 - 1663–1668 (siste) Ivan Briukhovetskij
lovgjevingsmakt Kosakkisk Rada
Historie
 - Zboriv-traktaten 1649
 - Bila Tserkva-traktaten 1651
 - Perejaslav-traktaten 1654
 - Hadiatsj-traktaten 1658
 - Freden i Andrusovo 1667
 - Nedlagt 1667
¹ Hetmanatet fekk større sjølvstyret og vart ein del av samveldet fram til 1667 (freden i Andrusovo).

Hetmantatet til saporosjarkosakkane (ukrainsk Гетьманська Держава Війська Запорізького, Het’mans'ka Derzjava Vijs’ka Zaporoz’kogo) eller Det kosakkiske hetmanatet var eit rutensk kosakkisk sjølvstyrt område som bestod av hetmanatlanda og området til saporosjarkosakkane. Området var sjølvstyrt mellom 1649 og 1709 og låg sentralt og nordaust i Ukraina. Det starta med Khmelnytskij-opprøret i 1648 og motstandsrørsla mot polsk kolonisering av Dneprregionen, som russarane seinare effektivt utnytta for å skaffe seg tilkomst til Svartehavet. Den første leiaren var Bohdan Khmelnytskij, som styrte frå 1648 til 1657.

Bohdan Khmelnytskij erklærte seg sjølv herskar av Rus-staten til den polske representanten Adam Kysil i februar 1649. Han kalla òg hetmanatet Gosudarstvo Rosijske (ukrainsk skrift Государство Російське) i brevet til tsaren den 17. februar 1654. I kjelder frå Moskva vert det kalla Malorossijskoje Gosudarstvo.[1] Metropolitten Sylvestr Kosiv, som levde samstundes, anerkjende han som leiaren og kommandøren av landet vårt. I brevet til C. Şerban (1657) kalla han seg sjølv Clementiae divinae Generalis Dux Exercituum Zaporoviensium.[1]

I 1645 svor hetmantet truskap til Storfyrstedømet Moskva under rådet i Perejaslav (Perejaslavska Rada), samstundes som dei var ein del av Det polsk-litauiske samveldet. Ein regional folkeavstemming gjorde at regionen kom inn under den russiske staten sitt vern. Andrusovo-traktaten (Andrusiv) frå 1667 sette grensene mellom dei polske og russiske statane, og delte hetmantatet i to. Denne delinga førte til borgarkrig i Ukraina mellom forskjellige kosakkar som varte til slutten av 1600-talet. På 1700-talet var området til hetmantatet avgrensa til Ukraina på venstrebreidda. I 1764 vart sjølvstyret til kosakkstaten og hetmanatstilligna avskaffa av Katarina II av Russland.

Hovudstaden var byen Tsjyhyryn. Etter Andrusovo-traktaten vart hovudstaden i 1669 flytta til Baturyn då Tsjyhyryn vart ein del av Polen-Litauen. Etter Baturyn-massakren i 1708, utført av den russiske armeen til Aleksandr Mensjikov, vart området innlemma i guvernementet Kiev. Dette avslutta i det store og heile sjølvstyret til hetmanatet, og ei rekkje episodar med undertrykking følgde, slik som i byen Lebedyn. Seinare i 1709 tente byen Hlukhiv nominelt som residens for hetmanen.

Hetmanatet bestod hovudsakleg av det som i dag er det sentrale Ukraina og ein liten del av dagens Russland. Området omfatta oblasta (provinsane) Tsjernihiv, Poltava og Sumy (utanom den søraustlege delen), venstrebreidda av Kiev og Tsjerkasy, og venstredelen av Brjansk oblast i Russland.

Kjelder endre