Det kurdiske flagget

Det kurdiske flagget er basert på det iranske. Det blir brukt av kurdarar i fleire land, både dei som kjempar for eit sjølvstendig Kurdistan og dei som ikkje gjer det.

Det kurdiske flagget

Flagget blir mykje brukt i Tyrkia og Irak, i det sistnemnde landet av styresmaktene òg av styresmaktene i den kurdiske regionen i landet. I Syria og Iran, som begge har store kurdiske grupper, er flagget forbode.

Flagget skal ha blitt skapt i 1920-åra av gruppa Xoybûn. Det blei først brukt som symbol for kurdarar som kjempa for sjølvstende frå Osmanarriket.

Kjelder endre