Det levantinske havet

hav

34°N 34°E / 34°N 34°E / 34; 34

Kart over Det levantinske havet

Det levantinske havet er den austlegaste delen av Middelhavet.

Det levantinske havet grensar til Tyrkia i nord, Syria, Libanon, Israel og Gazastripa i aust, Egypt og Libya i sør og Egearhavet i nordvest. I vest ligg det opne Middelhavet (stundom kalla Libyahavet) og grensa er definert som ei linje frå neset Ra's al-Hilal i Libya til øya Gavdos, sør for Kreta. Den største øya i Det levantinske havet er Kypros. På det djupaste er havet 4384 meter i Pliniusgropa, kring 80 km sør for Kreta. Det levantinske havet dekkjer eit område på 320 000 km.

Den nordlege delen av Det levantinske havet, mellom Kypros og Tyrkia vert kalla Det kilikiske havet. I nord ligg òg dei store buktene İskenderunbukta (nordaust) og Antalyabukta (nordvest).

Leviatan-gassfeltet ligg i dette området under Det levantinske bassenget.[1][2]

Økologi endre

Suezkanalen som stod ferdig i 1969, knyter Det levantinske havet til Raudehavet. Raudehavet ligg høgare enn det austlege Middelhavet, så kanalen fungerer som eit tidvassund der vatn frå Raudehavet strøymer ut i Middelhavet. Bittersjøane, som er hypersaline naturlege innsjøar som dannar ein del av kanalen, blokkerte tilførselen av artar frå Raudehavet til Middelhavet i mange tiår, men etter kvart som saltinnhaldet i sjøane vart likt det i Raudehavet, byrja planter og dyr å flytte seg vidare i kanalen og har byrja å kolonisere det austlege Middelhavet. Denne vandringa vert kalla Lessepsvandringa, etter Ferdinand de Lesseps, sjefsingeniøren for kanalen.

Bygginga av Aswan-demninga i Nilen i 1960-åra har redusert tilførselen av ferskvatn og slam til Det levantinske havet. Det har gjort havet relativt saltare og meir næringsfattig enn før, noko som har ført til at det historisk viktige sardinfisket har kollapsa. Dette har igjen vore til fordel for raudehavsartane som er vande til det saltare og meir næringsfattige Raudehavet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 17. juli 2011, henta 17. august 2012 
  2. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 18. juli 2011, henta 17. august 2012 

Bakgrunnsstoff endre