Det palestinske folkepartiet

Det palestinske folkepartiet (PPP) er eit palestinsk politisk parti. Det vart skipa i 1982 som Det palestinske kommunistpartiet.

Det opphavlege palestinske kommunistpartiet vart skipa alt i 1919. Etter at staten Israel vart oppretta, og Jordan annekterte Vestbreidda, slutta kommunistane der seg først til Det jordanske kommunistpartiet.

Det nystarta palestinske kommunistpartiet slutta seg i til PLO i 1987. Det skifta namn i 1991, til Det palestinske folkepartiet.

PPP gjekk sterkt inn for Osloavtalen.

Ved valet i 2006 stilte PPP opp saman med FIDA og DFLP i ei fellesliste for venstrepartia dei kalla Alternativet (al-Badeel).

Kjelder endre

  • Den engelskspråklege wikipediaen.

Bakgrunnsstoff endre