Det sovjetiske flagget

Det sovjetiske flagget er eit hovudsakleg raudt flagg med hammar og sigd og ei stjerne i gult i det øvre hjørnet nær stanga. Raudfargen og dei to symbola er alle symbol for kommunisme.

Det sovjetiske flagget med tilhøvet 1:2.
Offisielt frå 13. november 192319. august 1955
Det sovjetiske flagget med tilhøvet 1:2.
Offisielt frå 15. august 19803. desember 1991

Det første offisielle flagget for Sovjetunionen, med det uvanlege storleikstilhøvet 4:1 og riksvåpenet i midten, blei godkjend i juli 1923. 13. november same året blei det endra til den meir kjende utforminga med hammar og sigd og stjerne. Offisielt skulle baksida av flagget vera reint raudt, utan noko symbol, men i praksis blei symbola vist også på denne sida. I 1955 blei utsjånadet på flagget nedfelt i ein statutt, og utforminga av hammar og sigd blei noko endra. I 1980 blei bakgrunnsfargen gjort lysare.

Flagget var i bruk fram til Sovjetunionen blei oppløyst i 1991.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre