Det tsjekkiske riksvåpenet

Det tsjekkiske riksvåpenet viser dei tre historiske regionane i Sentral-Europa som utgjer landet.

Det tsjekkiske riksvåpenet

Våpenet til Bøhmen er med to gonger (i øvre venstre og nedre høgre hjørne) for å symbolisere kor tradisjonelt viktig den regionen har vore. Det viser ei sølvfarga, tohala løve på ein raud bakgrunn. I øvre høgre hjørne, er den mähriske raud- og sølv-sjakkmønstra ørna på blå bakgrunn. I nedre venstre hjørne er våpenet til Schlesien, ei svart ørn på gylden bakgrunn, sjølv om berre ein liten del av den historiske regionen Schlesien høyrer til Tsjekkia.