Deyang (forenkla kinesisk 德阳, pinyin Déyáng; tradisjonell kinesisk 德陽) er eit byprefektur i provinsen Sichuan i Kina. Byprefekturet har eit areal på 5 818 km², folketalet vart i 2004 berekna til 3,81 millionar.

Plasseringa av Deyang (gult) i Sichuan

Byprefekturet Deyang omfattar eitt distrikt (区 ), tre byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Sjølve Deyang by er i hovudsak ein velståande industriby. Store selskap produserer maskinar og elektriske artiklar. Byen har også ein del high-tech-industri.

Jordskjelvet i Wenchuan 2008 råka prefekturet, skular i byane Mianzhu og Shifeng kollapsa.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre