Dharma (sanskrit) eller dhamma (pali) er eit grunnleggjande prinsipp i indisk tenking og i hinduismen, buddhismen, djainismen og sikhismen. Omgrepet har ei brei tyding som omfattar berande prinsipp, fast ordning, moral, lov og religion.

Tibetansk dharmahjul i Himalaya.

Hinduisme endre

 
Jama, guden som dømmer dei døde, er også kjend som Dharma i hinduismen.

I vedisk tradisjon er dharma den faste, moralske verdsordenen som gudane Varuna og Mitra opprettheld. I seinare hinduisk lovtradisjon nyttar ein «dharma» særleg om retten, loven, slik han kviler på ei evig verdsordning. Denne retten vart tidleg utforma i korte leietrådar, dharmasutra, og seinare i meir systematiske lærebøker, dharmashastra. Den mest kjende av desse er Manavadharmashastra som skal ha blitt skrive av Manu, stamfaren til menneska. Boka er truleg utforma mellom 200-talet f.Kr og 200-talet e.Kr.

Dharma er personleggjort som Jama, dødsguden. I eposet Mahabharata tek dharma skikkelse som Vidura. Dharma er også far til ein av heltane, Judhisjthira, som heile livet prøver å følgja dharma framfor alt anna.

I læra om fire tidsaldrar (yuga) står dharma, symbolisert av ein okse, støtt på fire føter i den første tidsalderen (satyayuga). Desse fell gradvis bort slik at i den siste tidsalderen (kaliyuga) står dharma berre på ein fot.

Buddhisme endre

I buddhismen viser dharma til sjølve læra, og er ein av «Dei tre juvelane» ved sidan av Buddha og munkeordenen. Dharma viser òg til elementa som utgjer heile vera.

Dharmahjulet (dharmachakra eller dhammacakka) symboliserer dharma og har vore eit viktig bilde sidan dei tidlegaste tidene innan buddhismen.

Sikhisme endre

I sikhismen blir dharm brukt om 'den rette vegen'. Denne vegen blir forklart i den heilage boka Guru Granth Sahib og er noko ein kvar sikh bør følgja.

Kjelder endre