Dialektikk (frå gresk dialektike tekhne, 'samtalekunst') er eit filosofisk omgrep og ein metode der ein gjennom samtale ynskjer å avgjere innhaldet i eit omgrep eller eit problem. Dialektikken er bygd opp rundt ein samtale der deltakarane ueinige om noko, men prøver å overtale kvarandre til sitt syn gjennom spørsmål og svar, prov og motprov og argument og motargument. Eit vilkår for at ein slik samtale skal vere dialektisk, er at deltakarane i han deler nokre av synspunkta og er einige om enkelte premiss for samtalen.

Dialektikken legg vekt på korleis motsetnader går opp i ei høgare eining, skjemamessig i ei form der ein tese fører til utviklinga av ein antitese og kampen mellom desse fører til ein syntese, ei høgare eining som dermed vert ein ny tese i ein ny dialektisk prosess. Medan den idealistiske dialektikken framfor alt er assosiert med Georg Wilhelm Friedrich Hegel, er den materialistiske versjonen fyrst og fremst assosiert med Karl Marx.

Men dialektikk som filosofisk omgrep har ei historie som går lenger tilbake. Hegel daterer den fyrste uttrykte dialektiske oppfatninga til vediske skrifter frå omtrent år 1500 f.Kr. Også i den greske filosofien var dialektikken til stades. I doktorgradsavhandlinga si går Marx langt i retning av å utpeike Epikur til den fyrste materialistiske dialektikaren. Også Sokrates og Platon baserte seg mykje på dialektiske prinsipp, sjølv om det var i ei idealistisk form. Også innan buddhistisk kultur har dialektikken hatt ei viss tyding.