Diego Ramírez-øyane

Diego Ramírez-øyane (spansk Islas Diego Ramírez) er ei lita chilensk øygruppe som ligg om lag 100 km sør for Kapp Horn i Eldlandet og 93 km sør-søraust for Ildefonso-øyane. Diego Ramírez-øyane er det sørlegaste punktet i Sør-Amerika.

Diego Ramírez-øyane
Land  Chile
Kart
Diego Ramírez-øyane
56°29′00″S 68°44′00″W / 56.483333333333°S 68.733333333333°W / -56.483333333333; -68.733333333333
Wikimedia Commons: Diego Ramirez Islands

Administrativt høyrer øyane inn under provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena, den sørlegaste regionen i Chile. Øyane ligg i to grupper med eit 3 km breitt sund i mellom. Dei største av øyane er Bartolomé-øya og Gonzalo-øya; dei ligg begge i den sørlegaste gruppa. Aguila-holmen utgjer det aller sørlegaste punktet i Sør-Amerika.

Ein meteorologisk stasjon nordaust på Gonzalo-øya er bemanna. Bortsett frå det er øyane utan busetnad.

Diego Ramírez-øyane.

Historie endre

Øyane vart oppdaga den 12. februar 1619 under Garcia de Nodal-ekspedisjonen. Denne var blitt til på ordre av kong Filip III av Spania og hadde til oppgåve å kartleggja farvatnet mellom Atlanterhavet og Stillehavet sør for Kapp Horn. Øyane fekk namn etter kosmografen på ekspedisjonen, Diego Ramírez de Arellano.[1] Ved oppdaginga galdt Diego Ramírez-øyane som den sørlegaste landområdet som nokonsinne var blitt registrert. Øyane heldt på denne posisjonen fram til Sør-Shetlandsøyane vart oppdaga i 1775.

Chile overtok eigarskapen over øyane etter at landet vart ein sjølvstendig stat i 1818. Den chilenske regjeringa leigde ut øyane til Pedro Pablo Benavides i 1892. Han fekk bu på øyane og leva av fiske i byte mot at han bygde eit fyrtårn, ei hamn og ein skulebygning der. Leigekontrakten gjekk seinare over til andre.

I 1957 oppretta den chilenske marinen ein meteorologisk stasjon nordaust på Gonzalo-øya[2] som framleis er i aktivt i bruk.

Dyreliv endre

Øyane er eit viktig hekkeområde for fugl, m.a. svartbrynalbatross, svartflekkalbatross, gråhovudalbatross, klippehopparpingvin og sørkjempepetrell.

Kjelder endre

  1. Dingwall, P.R., ed. (1995). Progress in Conservation of the Subantarctic Islands, s. 107. The World Conservation Union. ISBN 2-8317-0257-7.
  2. Dingwall (1995), s. 109.