Dierick Bouts, eller Dirk eller Dieric Bouts, (14156. mai 1475) var ein nederlandsk målar. Han var fødd i Haarlem kringom 1415 og døydde i Leuven. Kunstmålaren Aelbert Bouts var sonen hans.

Dierick Bouts

Pseudonym Bouts, Dierick, Dirk, Thierri
Statsborgarskap Hertugdømmet Burgund
Fødd 1415
Haarlem
Død

6. mai 1475 (60 år)
Leuven

Yrke kunstmålar
Sjanger religiøst maleri, portrettmåleri
Born Dieric Bouts the Younger, Albert Bouts
Dierick Bouts på Commons
Jomfru og barn, ca. 1460-65

Liv og gjerning endre

I verka sine sameina Bouts impulsar frå brørne Eyck og Rogier van der Weyden, den siste var truleg læraren hans. Bouts var ein mykje objektiv målar og observerte røyndomen med ein kritisk avstand. Problemstillingar kring rom, perspektiv og oppbygging av eit bilete, nærma han seg på ein intellektuell måte. Dette går tydeleg fram i Eukaristitriptyken. Ein festscene vert gjennom ein streng geometrisk komposisjon forvandla til ein gripande og alvorleg Nattverden (ca 1465), ein av biletkomposisjonane i triptyken. Måleriet vart laga for Peterskyrkja i Leuven og var ferdig i 1467. Fløydørene til altaret hamna via omvegar i Berlin og München, men vart levert tilbake til Belgia som krigsskadegjenstand etter freden i Versailles.

Måleriet Hades i triptyken Ytste domen gir uttrykk for ei varare, meir lyrisk kjensle frå Bouts si side. Ho inneheld ei nyansert framstilling av resignerte kjensler og av nåde. Andre viktige verk er eit mannsportrett i halvfigur framom eitt vindauge, datert 1462, og som finst på British Museum. Måleriet er Bouts tidlegaste daterte måleri. Til rådhuset i Leuven måla Bouts i 1468 to historiske framstillingar av herleggjeringa som fylgjer av rettferd. Ytterlegare eitt viktig verk er Sankt Hippolyts martyrium i Frelsarkyrkja i Brugge.

Kjelder endre