Dieter Hoffmann (27. august 194216. september 2016) var ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Danzig. Han deltok i kulestøyt for Aust-Tyskland og vart europameister i øvinga i 1969. Hoffmann var medlem av ASK Berlin og seinare ASK Potsdam. Som aktiv var han 188 cm høg og vog 120 kg.

Dieter Hoffmann


Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 27. august 1942
Gdańsk
Død

16. september 2016 (74 år)
Luckenwalde

Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1964 Summer Olympics – men's shot put, athletics at the 1968 Summer Olympics – men's shot put

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Aktiv endre

Hoffmann deltok i 1964 i dei olympiske leikane i Tokyo og vart nummer 12. Året etter representerte han DDR og vart nummer fire i Europacupen. I 1966 kom han på åttandeplassen i EM i Budapest.

Den 3. juli 1968 støytte Hoffmann i Potsdam 20,08 meter, ny europarekord. To veker seinare forbetra han, i Sokolov i dåverande Tsjekkoslovakia, europarekorden med to centimeter. I august vann han i Erfurt sin einaste DDR-meistertittel utandørs. Under sommarleikane i Mexico-byen enda han på fjerdeplassen, ni cm bakom bronsevinnaren.

I 1969 vann Hoffmann gullmedaljen i kulestøyt under europameisterskapen i Aten, framom landslagskameratane Heinz-Joachim Rothenburg og Hans-Peter Gies. Same sesongen forbetra han den personlege rekorden til 20,60 meter. Under europameisterskapen 1971 vart han nummer sju. I 1972 vart han nummer fire i kulestøyt i den aust tysk meisterskapen, og gjekk dermed glipp av dei olympiske leikane i München.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre