Dietrich Buxtehude

dansk-tysk organist og komponist

Dietrich Buxtehude (fødd 1637 i Helsingborg eller Oldesloe, død 9. mai 1707 i Lübeck) var ein dansk-tysk organist og komponist. Han er mest kjend frå tida som organist og komponist i Marienkirche i Lübeck, der han virka frå 1668 til han døydde i 1707. I denne tida skaffa han seg eit ry som gjorde at folk kom langvegsfrå for å høyre han spele.

Dietrich Buxtehude

Allegorie auf die Freundschaft av Johannes Voorhout, 1674. Det vert no rekna som mest sannsynleg at gambisten rett til venstre for cembalisten Reincken framstiller Buxtehude, mellom anna grip venstrehanda tonane D og B, Buxtehude sine initialar.
Føddca. 1637
FødestadHelsingborg i Sverige eller Oldesloe i Holstein
Død9. august 1707 (1706 år)
DødsstadLübeck i Tyskland
OpphavTyskland, Danmark
PeriodeBarokken
Aktiv1680-1707
SjangerOrgelmusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist og organist
FarHans Jensen Buxtehude
Gift medAnna Margaretha Tunder

Barndom og ungdom endre

 
Sankta Maria kyrka, Helsingborg

Far til Buxtehude, Hans Jensen Buxtehude, var lærar og organist. Han flytta frå Oldesloe i Holstein til Helsingborg i 1637 for å bli organist i Mariakyrkja der. Dette er årsaka til at ein ikkje er sikker på fødestaden til sonen, men Mariakyrkja i Helsingborg var ramma om dei fem første åra av livet hans.

Etter fem år i Helsingborg vart faren organist i Olavskyrkja i Helsingør. Denne stillinga hadde han i 30 år, til 1671, då han vart pensjonist. Dietrich fekk undervisning av far sin frå han var liten og frå han var 19 år var han så organist i tre år i faren si gamle kyrkje på andre sidan av Øresund, Mariakyrkja. Frå 1660 var han organist i Mariakyrkja i Helsingør til han i 1667 overtok organiststillinga i Mariakirche i Lübeck etter Franz Tunder, som var død året før. Han følgde skikken på den tida og gifta seg med den yngste dottera til føregangaren.

Werkmeister i Lübeck endre

Frå 1668 var han organist og werkmeister i Lübeck til han døydde i 1707. Han fekk den høgaste organistløna i Tyskland og levde bra med stor fridom i arbeidet sitt, noko som sidan vart til inspirasjon for dei andre store komponistane på den tida: Georg Friedrich Händel, Johann Mattheson, Georg Philipp Telemann og Johann Sebastian Bach. Hausten 1673 organiserte han ei rekkje med kveldskonsertar som vart kalla Abendmusik. Denne tiltrekte seg musikarar frå mange stader og serien gjekk utan opphald til 1810. Eit år, i 1703 kom både Händel og Mattheson for å oppleve dette. Buxtehude var då 66 år gamal og dei tenkte kanskje på å søke på stillinga når han gav seg. Men det vert sagt at då dei kom tilbake to år etter, var kravet at etterfølgjaren måtte gifte seg med den eldste dotter hans Anna Margareta. Dette førte til at dei to avslo tilbodet og forlet Lübeck dagen etter. Johann Sebastian Bach gjekk i 1705 til fots frå Arnstadt til Lübeck for å høyre den gamle meisteren. Han vart verande der i tre månader og heldt på å miste jobben da han kom tilbake til arbeidsgjevaren sin i Arnstadt.

Han som til slutt vart etterfølgjaren til Buxtehude i Lübeck, Johann Christian Schieferdecker, gifta seg med dotter hans og overtok stillinga tre månader etter at meisteren døydde 9. mai 1707.

Musikken endre

Buxtehude vert vurdert som den store nordtyske komponisten i barokkmusikken. Han har skreiv mange verk for orgel, både frie verk og koralbaserte stykke. I tillegg laga han mange motettar og kantater til bruk i gudstenestene.

Fram til kring 1940 kjende ein i hovudsak til Buxtehude sine kyrkjelege verk, vokalverka 'Missa brevis' og kantatane, orgelkomposisjonene 'Cansonetta' i G-dur, 'Chaconne' i e-moll, koralfantasiane og toccataene og kammermusikken, 6 sonatar for 2 fiolinar, 'viola da gamba' med continuo. Ein visste riktig nok at Buxtehude òg hadde skrive cembalo-komposisjonar, men ein meinte at desse, bortsett frå ein suite i Uppsala, var tapt. Derimot viste det seg at ein i den danske slekta Ryge si familiebok hadde liggande 19 suitar og 6 variasjonsverk skrive i tabulatorskrift. Dei vart offentleggjort i 1942 og gjev eit merkeleg levande, rikt og nyansert nærbilete av komponisten Buxtehude.

Verk endre

For meir om dette emnet, sjå musikkverk av Dietrich Buxtehude.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dietrich Buxtehude

Notar endre