Diplomat viser til nokon som tenestegjer i utanrikstenesta, ein person som representerer ein stat i høve til ein annan stat, særleg politisk. Diplomatar i andre land enn heimlandet har ei særskild stilling kjend som diplomatisk immunitet.

Diplomatar kan mellom anna verka i Dei sameinte nasjonane.

Ordsoge endre

Omgrepet er knytt til diplom, det vil seie offisielle dokument. Diplomatar var 'personar utstyrt med fullmakter'. Etterkvart blei dette ordet brukt om ein person som på vegne av ein stat har ansvar for å føre forhandlingar med framande statar, diplomati. Diplomat kan også brukast i overført tyding, om ein person som er ein flink forhandlar, ein som er oppteken av ikkje å støyte nokon, eller som er forsiktig med kva han eller ho seier.

Arbeidsområde endre

Ein diplomat blir i dag definert som dei medarbeidarane ved ein ambassade eller ein diplomatisk misjon som har diplomatisk rang, det vil seie er utstyrt med diplomatpass. Diplomatar skal prinsipielt vere statsborgarar i utsendarstaten.

Diplomatar har titlar som ambassadør, ministerråd, ambassaderåd, 1. ambassadesekretær, ambassadesekretær og attaché. Også medarbeidarar i utanriksdepartementet i ein stat kan kallast diplomatar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre