Ein diskordans er ei gravlagd erosjonflate som ligg mellom to berglag eller strata av forskjellig alder. Dette indikerer at sedimentavleiringa ikkje skjedde samanhengande. Generelt har ofte det eldre laget vore utsett for erosjon i tida før det yngre laget vart lagt oppå, men uttrykket vert nytta om alle slike sprang i sedimentære berglag. Fenomenet vinkeldiskordans vart oppdaga av James Hutton, som fann døme på dette i Jedburgh i 1787 og ved Siccar Point i 1788.[1]

Det er eit sprang på ein milliard år i dette berglaget der 500 millionar år gammal dolomitt ligg over 1,5 milliardar år gammal rhyolitt.
Hutton sin diskordans ved Jedburgh, Scotland, illustrert av John Clerk i 1787 og fotografert i 2003.

Bergartane over ein diskordans er yngre enn bergartane under (med mindre berglaga har vorte snudd opp ned). Ein diskordans representerer ei tid der det ikkje vart bevart noko sediment i ein region. Den lokale registreringa for tidsintervallet manglar og geologar må nytta andre spor for å finne informasjon om den geologiske historia til området. Tidsintervallet som manglar vert kalla ein hiatus.

Kjelder endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Diskordans