At ein eller annan versjon av Basic vart nytta som operativsystem stemmer vel ikkje heilt. Basic vart rett nok levert saman med mange operativsystem, men Basic (eit programmeringsspråk) var ikke operativsystemet. --Sigmundg 17:51, 22 mai 2008 (CEST)

Heimedatamaskinar frå produsentar som Commodore, Atari,Sinclair o.s.b., nytta ein BASIC kommandotolk som einaste styresysyem, eller kva ein skal kalle det. Anders 18:18, 22 mai 2008 (CEST)
Jau, eg hugsar desse. Men under dette skalet var det eit primitivt operativsystem, som styrte kommunikasjonen med diskettstasjonen, I/O-einingar, skjerm, osb. Men mykje av reklamen frå denne tida var (som i dag) missvisande og skilde ikkje klårt mellom operativsystemet, brukargrensesnittet og kodeomsettaren for Basic. --Sigmundg 18:31, 22 mai 2008 (CEST)
Korrekt. Kommandotolken (eller kva ein no skal kalle det på nynorsk) kan nok seiast å vere ein del av operativsystemet, men ikkje kjernefunksjonalitet. Det er berre å skule til alle variantane som finst til Linux (og Unix): bash, sh, ksh, csh, jsh...--Bep 18:44, 22 mai 2008 (CEST)
Tilbake til siden «BASIC».