Diskusjon:Bambi

Siste kommentar: for 15 år sidan av Eirik

Denne artikkelen bør delast i Filmen Bambi og Bambi (om boka). --Ekko 10. januar 2009 kl. 12:13 (CET)Svar

Ikkje nødvendigvis, eg trur me får betre artiklar om me skriv litt meir generelt om eit emne og utan å mekanisk dela opp i den og den utgjevinga. --Ranveig 10. januar 2009 kl. 13:31 (CET)Svar
Greit nok, men då får me skriva om litt. Skal artikkelen også ha med boka synes eg i grunnen Disney-malen skal bort. --Ekko 10. januar 2009 kl. 14:55 (CET)Svar
Den malen er litt vel stor, ja. Eg har skjult han, men voner at han kan delast opp eller i det minste bruka eit skjul/vis-skript slik ein del andre malar har. --Ranveig 10. januar 2009 kl. 17:59 (CET)Svar

Eg tar vekk infoboks om den eine Bambi-filmen i denne artikkelen, av di artikkelen handlar om meir enn den. --Ekko 12. februar 2009 kl. 22:41 (CET)Svar

Eg er ueinig i at vi ikkje bør skilje ulike verk. Det kan vere forvirrande for brukarane om ein artikkel handlar om både ein figur, ei bok, fleire filmar osb. Denne artikkelen bør presentere figuren Bambi slik han er framstilt i dei ulike verka, ikkje vere artikkel for dei ulike verka. --EIRIK\diskusjon 12. februar 2009 kl. 22:52 (CET)Svar
Tilbake til siden «Bambi».