Diskusjon:Dei skandinaviske fjella

Siste kommentar: for 10 år sidan av Knut

Så vidt eg veit blir aldri Kjølen nytta om anna enn grensefjella, eg ruller difor attende endringa til Bgagaga. Om brukaren stårfast på endringa bør det komme ei kjelde for denne bruken. --Ekko 8. april 2009 kl. 07:02 (CEST)Svar

Dei skandinaviske fjella er samansette av fjellrekkja Kjølen og dei sørnorske fjella som kanskje ikkje har noko fellesnamn. Nordryggen er som eit nitimenamn å rekne, namnet fekk eit tusentals røyster i ein uoffisiell internettkonkurranse. Det er Statens kartverk som set namn på fjell i Noreg. --Knut (diskusjon) 14. september 2013 kl. 22:00 (CEST)Svar
Samd. Lurte på om eg skulle skrive noko tidlegare, men eg let vere. Kan heller endre det om det kjem noko meir offisielt. --Frokor (diskusjon) 15. september 2013 kl. 03:15 (CEST)Svar
Er «dei skandinaviske fjella» eit offisielt namn? --46.15.90.61 15. september 2013 kl. 08:47 (CEST)Svar
Neppe. Det er vel med dei som med den norsk-svenske granskogen, som berre er der, vid og namnlaus. Men Kjølen og Dovre er innarbeidde og tradisjonelle namn for delar av fjellrekka. --Knut (diskusjon) 15. september 2013 kl. 14:01 (CEST)Svar
Tilbake til siden «Dei skandinaviske fjella».