Diskusjon:Filmen Parallel

Siste kommentar: for 15 år sidan av Ranveig

Artiklar som denne er døme på vanar me ikkje bør kopiera frå Engelsk Wikipieda. Slik det ser ut frå her eg sit og les, har nokon sett opp ei liste over utgjevingane til ei favorittgruppe og fylt henne ut med artiklar, utan å sjå på om dei kvar for seg er leksikonverdige. Eg synest sperregrensa for kva som bør ha artikkel går noko over einkvar musikk-DVD som er gjeven ut. Det same gjeld samlealbum. Enkelte av dei er nyskapande og interessante, men alle? Til alle band?

Eg skal likevel ikkje dra fram den store sletteslegga med ein gong. Ein måte å få meir fyldige og interessante artiklar på trur eg kan vera å slå saman litt -- til dømes til R.E.M.-filmar og R.E.M-samlealbum. Namna kan kanskje bli betre, men kva synest de som jobber med slikt om hovudidéen? --Ranveig 15. november 2008 kl. 13:58 (CET)Svar

Tilbake til siden «Filmen Parallel».