Diskusjon:Gardin

Siste kommentar: for 12 år sidan av Sigmundg

Høyrer gardiner til i kategorien møblar? --Sigmundg 4. februar 2012 kl. 08:18 (CET)Svar

Høyres rart ut for meg. Trur den kan trygt fjernast. --Frokor 4. februar 2012 kl. 09:19 (CET)Svar
Ikkje at eg skal ha sterke meiningar om dette, men kva er ein gardin om det ikkje er eit møbel? Nips og sir? stykkjet 7. februar 2012 kl. 01:30 (CET)Svar
Nynorskordboka nemner nokre døme på møbel: (større) del av laust innbu, t d stol, bord og seng hagem- / korgm- / stoppa møblar / eit stort og tungt m- --Sigmundg 7. februar 2012 kl. 23:30 (CET)Svar
Gardinene kjem vel innunder det dei kallar interiør? --Knut 8. februar 2012 kl. 07:32 (CET)Svar
Ja, dei er nok interiør, men i nokre høve er dei del av møblar (som i himmelseng). Derfor møbelkategorien. --Ranveig 8. februar 2012 kl. 09:57 (CET)Svar
Trudde gardiner var tekstilar som heng framom vindaugo. På ei himmelseng vert det vel kalla føreheng? Eg ville heller ikkje rekna gardiner som innreiing. Innreiing er vel paneling, listverk, faste skap og liknande. --Sigmundg 8. februar 2012 kl. 18:14 (CET)Svar
Tilbake til siden «Gardin».