Diskusjon:Isotoptabell

Bruk av malar i isotoptabellen endre

Under jobbing med isotoptabell-artikkelen både på nn:, no: og en: har det stadig komme meldingar om at artikkelen er for stor (over 90 kB), og det har førekomme programskapte skrivefeil i tabellen på grunn av dette. Dels for å redusera filstorleiken og dels for å gjera tabellen lettare å redigera, er det innført nokre malar for opplisting av isotopane. Sjølv om artikkelen framleis er over dei tilrådde 32 kB er han mindre enn halvparten så stor som før (under 45 kB), og det blir vonaleg færre eller ingen programfeil. Sjå Maldiskusjon:Iso1 for forklaring på bruk av malar i isotoptabellen. --Eddi (Snakk) 16. august 2005 kl. 22:40 (UTC)

Tilbake til siden «Isotoptabell».