Diskusjon:Ketose

Siste kommentar: for 14 år sidan av PerPlex

Ketose er vel ein generell tilstand hos menneske (og andre dyr) òg. Prinsippet er det same. Glukoselagra er tømde og kroppen dannar ketonar frå fettlageret i kroppen. Det er med andre ord ein måte å gå ned i vekt på, så lenge ein passar på å få i seg nok vatn og andre næringsstoff (enn karbohydratar) og vitaminar som kroppen treng, typisk gjennom ein pulverdiett. --Frokor 27. september 2009 kl. 12:21 (CEST)Svar

Jepp. Og det er det same som skjer når ein maratonløpar etter f eks 30 km møter «veggen» - ein har tømt glukoselagera, og energi må skaffast frå langsam feittforbrenning. --Egil Arne 27. september 2009 kl. 12:31 (CEST)Svar
Det visste eg ikkje, eg har lært at det er ein sjukdom hjå mjølkedyr. Lars Ola Eide 27. september 2009 kl. 13:56 (CEST)Svar
Det var det eg også lærte på Gjermundnes landbruksskule skuleåret 1977-78. Men det Frokor har gjort meg (og deg) merksam på, er den fysiologiske samanhengen mellom ketose og allskens karbohydrat-fattige diettar, type Fedon-kurar og liknande. Interessant! --Egil Arne 27. september 2009 kl. 14:59 (CEST)Svar
Eg skal rette på sida. Lars Ola Eide 27. september 2009 kl. 15:22 (CEST)Svar
Sjå engelsk Wikipedia med ein meir generell, men ikkje alt for utdjupande omtale av ketose. Sjå òg ketoacidose (Ketoacidosis på en:). --PerPlex 27. september 2009 kl. 15:27 (CEST)Svar
Tilbake til siden «Ketose».