Diskusjon:Klima i Afrika
Bagrunnen for artikkelen endre
Denne artikkelen er basert på ei semesteroppgåve gjeve i modul B i Afrikastudier på NTNU i Trondheim. Oppgåveteksten var:
«Gi en kort oversikt over geografiske og sesongmessige variasjoner i det afrikanske klimaet. Drøft fenomenet «forørkning» med utgangspunkt i meterologiske såvel som samfunnsmessige forhold og endringer i disse. Bruk konkrete eksempler i drøftingen. Ta utgangspunkt i leksjon 1, 2, 3 og 4. Omfang: 5-7 sider (2000-3000 ord)»
Svaret fekk fekk karakteren A.
Eg har fjerna det mest overflødige (innleiing, konklusjon osv.) pluss litt til og delt svaret opp i denne artikkelen og artikkelen om forørkning i Afrika. Det vil nok likevel vera mykje arbeid att for å gjera artikkelen like nøytral, leksikal og omfattande som ein god Wikipedia-artikkel bør vera.
Gjeremål endre
- Formatering og rydding av referansar.
- Sløyfe unødig prat og anna.
- Bedre og fleire kryssreferansar-
- Omsettje sitat?
Afrika sitt klima endre
Bør kanskje denne artikkelen flyttast til "Afrika sitt klima"? Kan ein bruke Afrikas på nynorsk?
- Ein kan visst det, jamfør Noregs mållag -- og "Afrika sitt" er heller ikkje noko betre å bruka om ein ikkje liker "Afrikas". Men for å passa med dei andre artiklane i serien kunne jo godt denne heita "Klima i Afrika". -- Ranveig 22. februar 2006 kl. 09:42 (UTC)
- Eg tykkjer "Klima i Afrika" verkar som det beste forslaget, betre enn både "Afrikas klima" og "Afrika sitt klima". Det er kanskje berre mindre vanleg å bruke den s-en på slutten i nynorsk? Eg veit at eg bevisst prøver å unngå den i alle fall. --Christie 22. februar 2006 kl. 14:59 (UTC)
- Ja, det er mange som har det slik -- eg òg -- og det er bra å finna andre måtar å seia ting på. Eg trur retningslinene frå Språkrådet og andre råd seier noko slikt som at det er greitt å bruka både genitivs-s og garpegenitiv med måte, men det er mange som ikkje liker dei i det heile. -- Ranveig 22. februar 2006 kl. 15:52 (UTC)