Diskusjon:Kommunisme

Å kalle trotskisme meir demokratisk enn stalinismen kan vere problematisk, når trotskisme aldri har vore prøvd ut i praksis.

Dei trotskistiske partia internasjonalt er også kritisert for å vere antidemokratiske internt, og då spesielt Socialist Workers Party (SWP) i England, som mange nasjonale trotskistgrupperingar er knytta til.

Rediger gjerne på artikkelen sjølv! Du kan seie at det finst ulike synspunkt, enkelte meiner slik, medan andre meiner så. Det er enkelt å gjera, berre trykk på "rediger" ovanfor artikkelen. Du treng ikkje vera innlogga. Dersom du ønskjer det brukarnamn (rask registrering) kan du få dette ved å trykkja på "Logg inn" oppe til høgre i skjermbilete. Bjarte 4. mai 2005 kl. 0813 (UTC)

Denne artikkelen inneheld ikkje nokon definisjon av omgrepet. Akkurat som alle dei andre artiklane om sosialistiske retningar. Det nærmaste ein kjem ein definisjon er at kommunisme vert redusert til det Lenin sto for. Eg meiner dette er direkte feil, og det ligg heller ingen kjelder her. Eg skal prøva å skriva han om slik at han handlar om det utopiske fridomssamfunnet kommunismen eigentleg er, med nokre avsnitt lenger nede som inneheld noko av informasjonen som ligg her no. Så står alle andre fritt til å henta det eg fjernar fram frå historikken og flytta det som høyrer heime under artiklane om kommunistar, tidlegare kommunistregime og kommunistparti (med den leninistiske partimodellen) til dei respektive artiklane etterpå. --Tannkrem 21:20, 17 februar 2008 (CET)

Tilbake til siden «Kommunisme».