Diskusjon:Kyrkjetoneart

Siste kommentar: for 14 år sidan av Olve Utne i emnet Dur og moll

Dur og moll endre

Blir det ikkje feil å seie at kyrkjetoneartar skil seg frå dur og moll, når dur og moll faktisk er kyrkjetoneartar? Helsing frå Martin 24. mai 2009 kl. 22:01 (CEST)Svar

Nei, kyrkjetoneartar som jonisk og eolisk er tonale modus, inkludert mange melodiske standardvendingar o.a., medan dur og moll er skalatypar. -- Olve Utne 24. mai 2009 kl. 22:31 (CEST)Svar
Hmmmm.... Ser at artikkelen Kyrkjetoneart er noko mangelfull på det punktet... -- Olve Utne 24. mai 2009 kl. 22:34 (CEST)Svar
...men då skil ikkje kyrkjetoneartane seg frå dur og moll ved senking eller heving av einskilde tonetrinn, men ved at dei, som du skriv, er tonale modus. Helsing frå Martin 25. mai 2009 kl. 09:10 (CEST)Svar
Ja nettopp. Det vil seie at ein dorisk skala skil seg ut frå rein moll (eolisk) ved høgt 6. trinn, men kyrkjetonearten dorisk skil seg ut frå mollskalaen ved ymse modale trekk, som kan inkludere overrepresentasjon av visse melodiske vendingar, meir eller mindre bruk av visse skalatrinn i ymse samanhengar og mykje anna. -- Olve Utne 25. mai 2009 kl. 12:46 (CEST)Svar
Tilbake til siden «Kyrkjetoneart».