Diskusjon:Organisasjonen av oljeeksporterande land

Siste kommentar: for 12 år sidan av Ranveig i emnet Artikkelnamn

Død lenke endre

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 01:32 (CEST)Svar

Teke ut. --Ranveig 30. november 2011 kl. 19:15 (CET)Svar

Artikkelnamn endre

Eg har høyrt om OPEC og om Organisasjonen av oljeeksporterande land før, men ikkje Organisasjonen for land som eksporterer petroleum. Elles bruker SNL OPEC som oppslagsord. Eg trur eitt av desse alternativa vil vera betre å bruka enn det artikkelen nett blei flytta til. --Ranveig 30. november 2011 kl. 19:14 (CET)Svar

Dei fleste artiklane her nyttar ikkje forkortingar (etter det eg kan sjå). Eg valde fyrst å flytte han til «Organisasjon for land som eksporterer petroleum» fordi det var det som stod som norsk namn i artikkelen. Eg synest ikkje det namnet høyrdest ut som god norsk, så eg la til «en» på slutten av «organisasjon». Om me skal flytte artikkelen, noko eg kan vere samd i at me gjer, ville eg valt «Organisasjonen av oljeeksporterande land». --AlexanderMG 30. november 2011 kl. 20:32 (CET)Svar
Dersom eit eller anna er godt kjend under ei forkorting som ikkje lett kan forvekslast med noko anna, ser eg ingen grunn til å bruka omgrep som er mindre kjend eller heilt nylaga. Men i dette høvet er jo Organisasjonen av oljeeksporterande land ganske velbrukt. Eg flytter att, eg. --Ranveig 30. november 2011 kl. 21:54 (CET)Svar
Tilbake til siden «Organisasjonen av oljeeksporterande land».