Diskusjon:Parlament

Siste kommentar: for 15 år sidan av Knut

Eg er ikkje heilt glad for omdirigeringa frå nasjonalforsamling og hit. Rett nok er vel orda no synonyme. Men å nytte parlament som artikkelnamn for det generelle omgrepet gjer det vel vanskelegare å skjønna at ein kan ha eit «parlament» utan å ha parlamentarisme. Betre kanskje at denne artikkelen er om systema i England og Frankrike? --Ekko 15. februar 2009 kl. 20:58 (CET)Svar

Artikkelen «Parlament» handlar vel om det generelle omgrepet, jf nynorskordboka, t.d.? Eller er det noko eg ikkje ser? Stortinget er vel eit parlament no som i 1883? --Knut 15. februar 2009 kl. 21:11 (CET)Svar
Joda, poenget mitt var at ettersom både parlament og nasjonalforsamling kan nyttast som eit generelt omgrep trur eg nasjonalforsamling er best egna. Stortinget kan sjølvsagt kallast eit parlament, eller nasjonalforsamling. Kongressen i USA kan også få begge omgrepa nytta om seg. Men samstundes er det slik at me har ordet parlamentarisme som kan nyttast om det politiske systemet i Noreg, men ikkje om t.d. USA. Men kanskje er det greit å gjera det slik, så kan me understreka at parlament og parlamentarisme ikkje heng saman? --Ekko 15. februar 2009 kl. 21:18 (CET)Svar
Joda, det må vi få fram. «Alltid skal du rakke ned på USA», sa ein av elevane til historielæraren min, som var NKP-ar, då han hadde fortalt at det ikkje var parlamentarisme i USA. Dette mora læraren stort.--Knut 15. februar 2009 kl. 21:33 (CET)Svar
Tilbake til siden «Parlament».