Diskusjon:Samekufte
Siste kommentar: for 14 år sidan av Sigmundg i emnet Norsk gákti?
Namn endre
«Kofte» er ikkje lovleg nynorsk, tru det eller ei. Det heiter «kufte». Men dette ordet viser generelt til ein kort jakke eller frakk. (Ordboksøk) Eg føreslår «samedrakt» igjen ettersom det kan handla om heile drakten, både jakke, lue, skor, smykker osb. --Ranveig 12:20, 9 november 2006 (CET)
- Er det ikkje betre å leggja artikkelen under samekufte? Ordet vert jo brukt om andre ting enn samane sine kofter? Og eg er usamd med Ranveig. Eg trur me bør halda oss til det samane sjølv kallar drakten sin. --Tannkrem 12:23, 9 november 2006 (CET)
- Eg er usikker her. Men begge dei samane eg kjenner snakkar om «kufte» og tenkjer på heile drakta. Me kan la det ligge til neste veke, og så sender eg ein epost til Norske Samers Riksforbund eller nokon og spør meg for. --Ekko 12:43, 9 november 2006 (CET)
Norsk gákti? endre
Gákti bør vel kategoriserast under Samiske klede i staden for Norske klede? Plagget er og i bruk i Finland, Sverige og Russland. --Sigmundg 18. oktober 2009 kl. 01:18 (CEST)
- Det er vel ingenting i vegen med begge delar? Samisk kultur er ein del av norsk (og finsk, og svensk og (litt) russisk). --Ranveig 18. oktober 2009 kl. 01:31 (CEST)
- Nei ein kan ha med fleire kulturar, men om ein har med kategorien Norsk kultur bør svensk, finsk og russisk òg vera med. --Sigmundg 18. oktober 2009 kl. 01:48 (CEST)