Diskusjon:Stempelmotorar med innvendig forbrenning

Siste kommentar: for 13 år sidan av Sigmundg

Finst det andre typar stempelmotorar? Hadde det vore fornuftig med omdirigering frå stempelmotor og stempelmotorar? --Tannkrem 3. mai 2010 kl. 15:37 (CEST)Svar

Ja, dampmaskinar og stirlingmotorar er stempelmotorar med utvendig forbrenning (forbrenning utanfor sylinderen). Både stempelmotorar med innvendig forbrenning og stempelmotorar med utvendig forbrenning er stempelmotorar. Det finst òg forbrenningsmotorar med utvendig forbrenning som ikkje er stempelmotorar; dampturbinar til dømes. Dette er lange namn, men det er ikkje så lett å finna stuttare namn som er dekkjande. Det finst eit oversyn i artikkelen forbrenningsmotorar.
Eg trur det bør skrivast ein eigen artikkel om stempelmotorar (det er fleire typar av dei). --Sigmundg 3. mai 2010 kl. 17:41 (CEST)Svar
Ja, sjølvsagt. Når eg tenkjer meg om finst det jo stempelmotorar som ikkje er forbrenningsmotorar òg... --Tannkrem 3. mai 2010 kl. 17:53 (CEST)Svar
Ja, hydrauliske motorar til dømes, men dei bør vel òg ha ein eigen artikkel.--Sigmundg 3. mai 2010 kl. 18:10 (CEST)Svar
Tilbake til siden «Stempelmotorar med innvendig forbrenning».