Diskusjon:Tettstader i Hordaland

Siste kommentar: for 15 år sidan av BepBot i emnet Død lenke 3

Når det gjeld Askøy, så er det etter det eg veit ingen tettstad på Askøy som heiter Askøy. Det ser ut som om Statistisk Sentralbyrå reknar store delar av sør-Askøy som ein tettstad. I røynda gjeld dette Ask på Askøy, Erdal, Florvåg, Kleppestø, Strusshamn, Marikoven, Follese og Hetlevik. I artikkelen om Kleppestø er det oppgjeve at det bur 19 850 personar i Kleppestø. Dette må vera heile sørlege Askøy. --Gunnernett 6. juli 2006 kl. 12:46 (UTC)

Folketalet for Kleppestø må vere feil. Det bur 22 496 i heile kommunen, og 17 480 i tettbygd strøk, det siste talet er identisk med det for «tettstaden Askøy», alt i fylje SSB sine 2006-tal. «Tettstaden Askøy» femner langt meir enn berre Kleppestø. SSB har lagt ut kart over tettstadgrensene, her er det for Hordaland:
http://www.ssb.no/emner/01/01/20/tettstedkart/fylke12.pdf
Alt det på øya Askøy som er merka ljosegrønt er rekna med til «tettstaden Askøy». Korleis SSB har kome til at dei skal kalle området Askøy veit eg ikkje noko om. På nettstaden deira står det om dagens rettningslinjer for namngjeving og nummerering av tettstadene når to eller fleire gror saman, punkt 4.4: http://www.ssb.no/beftett/om.html Der står det ikkje noko om å lage heilt nye namn, berre at eit eller fleire av namna på tettstadane som har vokse saman skal brukast, men reglane ser ut til å ha vorte endra i 2000, og tettstaden Askøy dukka opp hjå SSB før 2000. Tettstadrapportane til SSB frå attende til 1999 ligg ute her: http://www.ssb.no/beftett/arkiv/
Slik eg ser det vil det vere av svært stor verdi å få med informasjon om kva grender/tettstader/byar som har vorte slukt og no inngår i det området som SSB kallar t.d. Askøy. Det krev sjølsagt bakgrunnstoff og lokalkunnskap å få det på plass, ikkje berre den tørre statistikken frå SSB som eg har brukt til å lage lista. Samstundes ser eg helst at me held oss til SSB sin definisjon når me brukar ordet tettstad, og difor held namn/område som ikkje vert kalla tettstad av SSB unna nett listene. Men lista treng forklaring, og i den forklaringa må svært gjerne informasjon om kva grender det er som løyner seg bak dekknamnet «tettstaden Askøy» vere med. I Tettstader i Buskerud har eg prøvt å forklare litt (det er berre Slemmestad og Hokksund eg har nemd av slukte tettstader, det er fleire å nemne, Drammen har teke godt for seg). Det kan gjerast mykje meir for å gjere listene forståelege. -Jorunn 6. juli 2006 kl. 23:57 (UTC)

Død lenke endre

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:38 (CEST)Svar

[daud lenkje]

Død lenke 2 endre

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [2]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:38 (CEST)Svar

[daud lenkje]

Død lenke 3 endre

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [3]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:39 (CEST)Svar

[daud lenkje]

Tilbake til siden «Tettstader i Hordaland».