Diskusjon:Verdas land

Siste kommentar: for 13 år sidan av Harald Khan i emnet «verdas»

Statar eller land? endre

Både India, Russland og USA er sjølvstendige statar, sjølv om dei er sette saman av ulike delstatar. Stat vert ofte brukt med tydinga land, sjå t.d. bokmåls- og nynorskordbøkene.

Elles kunne me kanskje ha flytta lista til "Verdas land", slik eg ser t.d dansk wikipedia har. Det ser litt finare ut og er kanskje òg meir intuitivt. -- Ranveig 3. jan 2005 kl. 16:10 (UTC)

OK, eg var usikker på om USA, India osb. var statar. (Bokmåls- og nynorskordboka hjelpte ikkje i so måte.) Men eg er for flytting til Verdas land, òg av di eg ikkje likar artiklar med ordet "Liste" i tittelen. Eg tykkjer lister bør koma som ein naturleg del av emnet i ein artikkel (som Verdas land), ikkje som eigne oppslagsord under bokstaven L. Men eg veit at det er vanleg praksis i nesten alle Wikipediaar å laga "Liste over..."-artiklar, so eg godtek det her òg.
--Verdlanco (diskusjon) 3. jan 2005 kl. 17:53 (UTC)
Eg trur at lister kanskje er ein rest frå tida før kategoriar. Dei kan vera fine å ha dersom ein manglar artiklar i eit sett, eller treng å skapa eit oversyn. Men som regel går det an å kalla dei noko anna enn lister.
Det går forresten an å sortera artiklar i kategoriar under den bokstaven du vil. Skriv [[Kategori:Lister|Statar]], til dømes, så kjem lista under S. -- Ranveig 3. jan 2005 kl. 18:31 (UTC)

«verdas» endre

Er eigentleg «verda» eit eigennamn på den måten at genitivskonstruksjonen her er korrekt? --Harald Khan Ճ 2. juni 2010 kl. 10:33 (CEST)Svar

Det går nok an å bruka s-en, elles ville vel ikkje språkrådskribentar skrive «verdas». Men i akkurat denne artikkelen ville kanskje «Landa i verda» eller noko slikt vore vel så dekkande for å skildra kva han inneheld. --Ranveig 2. juni 2010 kl. 21:33 (CEST)Svar
Absolutt, eg synest at formuleringa «verdas land» verkar noko kunstig. --Harald Khan Ճ 2. juni 2010 kl. 21:58 (CEST)Svar
Tilbake til siden «Verdas land».