Diskusjon:Wisłok

Eg skjøna ikkje heilt setninga «Rota til namnet Vis-lok er anten av indoeuropeiske eller urindoeuropeisk opphav.» At opphavet er indoeuropeisk utelukar til dømes finsk-ugriske språke og tilfører difor nyttig informasjon, men her er det bruk for ei kjelde. At «urindoeuropeisk» er nemnd finn eg litt meir problematisk, på grunn av at det ikkje er semje om at det nokon gong har eksistert eitt urindoeuropeisk språk [1].

Kjelde endre

  1. Renfreq, C., Den indoeuropeiske gåte - Arkeoploi og språk, Pax Forlag, 1992.
Tilbake til siden «Wisłok».