Diskusjon:Wolfgang Amadeus Mozart

Siste kommentar: for 14 år sidan av Knut i emnet Namn på artikkelen
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2006.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2006

Namn på artikkelen endre

Kan ein endra på namnet på artkkelen til «Wolfgang Mozart»? Eg har ikkje kjelda framfor meg her og no, men Amadeus er eit namn Mozart sjølv berre brukte ved eitt høve (ei tullehelsing i eit brev). Det er mogleg at ikkje alle er samde, men eg meiner det mest ryddige ville vera å bruka det historisk korrekte namnet i tittelen, så kan ein heller forklara anakronismar lengre ned i artikkelen. Sirion123 5. februar 2010 kl. 01:28 (CET)Svar

Me pleier bruka namn nokon vanlegvis er kjent under, og slik sett er vel Amadeus rett å ha med. Ifølgje interessante en:Mozart's name brukte han sjølv helst Amadeo eller Amadè, men mot slutten av livet og etterpå verker Amadeus å ha vore ein del brukt. --Ranveig 5. februar 2010 kl. 10:55 (CET)Svar
Amadeus er vel den latinske forma av mellomnamnet hans - som er Theophilus er gresk, Gottlieb på tysk og Amadeo på italiensk. I desse kulturane var det nok vanleg å omsetje namn til ulike språk, jf Händel, som endra namnet sitt då han kom til England. Om vi forsøkjer å leite etter opphavelege former, er det fare for at vi vert endå meir anakronistiske. Vi står i god tradisjon om vi held oss til namneforma som er innarbeidd i Noreg. --Knut 5. februar 2010 kl. 13:44 (CET)Svar
Tilbake til siden «Wolfgang Amadeus Mozart».