Distriktet Dielsdorf

Dielsdorf er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg nordvest i kantonen, og har grense til Tyskland i nord og til kantonen Aargau. Dielsdorf hadde 79 952 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 153 km². Hovudstad er Dielsdorf, som ligg sentralt i distriktet, og som distriktet er kalla opp etter.

Dielsdorf
Bezirk Dielsdorf
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Zürich
Hovudstad Dielsdorf
Areal 152,73 km²
Folketal 79 952  (31. desember 2010)
Kommunar 22
Kart
Distriktet Dielsdorf
47°29′00″N 8°27′00″E / 47.483333333333°N 8.45°E / 47.483333333333; 8.45
Wikimedia Commons: Dielsdorf (district)

Distriktet Dielsdorf omfattar av 22 kommunar. Regensdorf er den einaste kommunen med meir enn 10 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Bachs, Boppelsen, Buchs, Dällikon, Dänikon, Dielsdorf, Hüttikon, Neerach, Niederglatt, Niederhasli, Niederweningen, Oberglatt, Oberweningen, Otelfingen, Regensberg, Rümlang, Schleinikon, Schöfflisdorf, Stadel, Steinmaur og Weiach.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Distriktet Dielsdorf