Diva Gray

amerikansk songar

Diva Gray er ein USA-amerikansk discosongar og korvokalist bak discobandet Chic. Ho var òg i andre discogrupper, som Change og Lemon i lag med venene Lani Groves, Gordon Grody, Luther Vandross, David Lasley og Kenny Lehman. I tillegg var ho blant korarane til Bette Midler som kalla seg The Harlettes i lag med Ula Hedwig og Jocelyn Brown.[1] Som soloartist gav ho ut eitt album, Hotel Paradise, gjeve ut på Columbia Records.

Diva Gray
OpphavUSA
Sjangerdansemusikk
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapColumbia Records
Verka somsongar

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. Maslin, Janet (25. september 1980). «Movie Review: Divine Madness». The New York Times.