Dives er ei 105 km lang elv i Pays d'Auge i Normandie i Frankrike. Ho munnar ut i Den engelske kanalen i Cabourg.

Dives
elv
Land  Frankrike
Lengd 105 km
Kjelde Orne
Munning Den engelske kanalen
Kart
Dives
49°17′53″N 0°05′15″W / 49.29805556°N 0.0875°W / 49.29805556; -0.0875
Wikimedia Commons: Dives River

Ho har sitt utspring nær Exmes i departementet Orne. Dives renn hovudsakleg nordover gjennom følgjande departement og landsbyar:

Dives er framkomeleg opp til brua ved Putot-en-Auge, som er for låg til at dei fleste båtar kan kome vidare. Ei anna låg bru hindrar yachtar og fiskebåtar å kome lenger enn til Pont de la Dives mellom Dives-sur-Mer og Cabourg 1 km frå elvemunningen.

Dei siste kilometrane av Dives er ein stor meander som krinsar rundt ei hamn og feriebyen Dives-sur-Mer. Ein kilometer lang sanddyne kalla Le cap Cabourg hindrar elva i å renne direkte ut i Den engelske kanalen.

Elvemunningen til Dives var åstad for ein av William Erobraren sine største sigrar i 1057, over hærane til Frankrike og Anjou. Seinare, i 1066, samla han hæren og flåten sin her før invasjonen av England.