Eit djupskjelv eller eit djupfokusskjelv er eit jordskjelv som skjer i djupner mellom 300 og 700 km under jordoverflata.

Ein kjenner ikkje så godt til korleis slike skjelv oppstår, fordi dei ligg på djup der ein kan rekne med at materialet er under så høgt trykk at det heller vil strøyme plastisk enn å bryte i stykke under påverknader av spenningar. Ein tru at dei oppstår i samband med at mineral, som olivin, går over i spinell eller andre tunge mineral i djupner større enn 300 km. Om ei kile med med relativt kald havbotnsmateriale vert pressa ned i slike djup, kan slike faseomvandlingar skje med brå volumreduskjon, slik at sjokkbølgjer brer seg ut i alle retningar.

Djupskjelv skjer vanlegvis i subduksjonssoner i grensa mellom hav- og kontinentalplater. Eit slikt skjelv fann stad i Bolivia 9. juni 1994 i ei djupne på 640 km. Det målte 8,2 på Richtersskalaen, men gjorde lite skade, sjølv om det var merkbart over heile den vestlege halvkula.

Kjelder endre