Denne artikkelen handlar om byen. For elva som heiter Dnipro på ukrainsk, sjå Dnepr.

Dnipro (ukrainsk skrift Дніпро), tidlegare Dnepropetrovsk og før det Jekaterinoslav/Katerynoslav,[2] er den fjerde største byen i Ukraina med ein million innbyggjarar.[3][4] Han ligg ved Dnepr, søraust for den ukrainske hovudstaden Kiev, sør i det sentrale området av landet. Dnipro er det administrative senteret i Dnipropetrovsk oblast (provins).

Dnipro
ukrainsk Дніпро, russisk Днипро
by
Flagg
våpen
Kallenamn: Dnipro
Land  Ukraina
Oblast Dnipropetrovsk oblast
Bykommune Dnipropetrovsk
Høgd 155 moh.
Koordinatar 48°27′0″N 34°59′0″E / 48.45000°N 34.98333°E / 48.45000; 34.98333
Areal 405 km²
Folketal 1 001 612  (2011)
Folketettleik 2 473 / km²
Grunnlagd 1776
Borgarmeister Ivan Ivanovytsj Kulitsjenko[1]
Postnummer 49000
Retningsnummer +380 56(2)
Kart
Dnipro
48°28′03″N 35°02′24″E / 48.4675°N 35.04°E / 48.4675; 35.04
Wikimedia Commons: Dnipro
Nettstad: gorod.dp.ua

Dnipro er eit viktig industrisenter i Ukraina og var eit av dei største sentera for atomkraft, våpenindustri og romfart i det tidlegare Sovjetunionen. Her låg Juzjmasj, eit stort designbyrå og produsent av ballistiske missil. På grunn av den militære industrien var Dnipropetrovsk ein lukka by fram til 1990-åra.

Andre namn endre

I 1917 fekk Jekaterinoslav namnet Sitsjeslav av Den ukrainske folkerepublikken, men ein gjekk attende til det gamle namnet alt i 1919.[5][6]

Namneendringar

  • Jekaterinoslav 1776–1782, gjenoppretta 1783–1797
  • Novorossijsk 1797–1802
  • Jekaterinoslav 1802–1917
  • Sitsjeslav 1917–1918
  • Jekaterinoslav (russisk skrift Екатеринослав), Katerynoslav ukrainsk Катеринослав, 1918–1926
  • Dnepropetrovsk/Dnipropetrovsk (russisk skrift Днепропетровск). 1926 til 2016[7]

Geografi endre

 
Flyfoto av Dnipropetrovsk. Dnepr renn gjennom byen og fleire bruer kryssar elva i byen.

Byen ligg på begge sider av Dnepr, ved ein stor sving der elva endrar retning frå nordvest og held fram sørover i Ukraina.

Klima endre

Om sommaren er Dnipropetrovsk varm (i juli 24-28 °C, og stundom 32-36 °C). Vinteren er kald med temperaturar i januar kring -4 til 0 °C, men når det ikkje er snø og vinden blæs kraftig, kjennest det særs kaldt.

Klimaet er kontinentalklima og vintrane kan stundom verte særs kalde, ned mot -15 °C og om sommare særs varm (opp mot 40 °C).[8]

Vêrdata for Dnipropetrovsk
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 12,3 17,5 24,1 30 36,1 37,8 39,8 40,9 36,5 32,6 20,6 16,3 40,9
Gjennomsnittleg maks °C −1 0 6 15,2 22,1 25,6 28 27,4 21,5 13,8 5,2 0,2 13,7
Døgnmiddeltemperatur °C −3,7 −3,4 1,8 9,6 16,1 19,8 22,1 21,4 15,5 8,9 2 −2,3 9
Gjennomsnittleg min °C −6,1 −6,3 −1,6 4,9 10,6 14,6 16,7 15,8 10,7 5 −0,5 −4,7 4,9
Lågast målte °C −30 −27,8 −19,2 −8,2 −2,4 3,9 5,9 3,9 −3 −8 −17,9 −27,8 −30
Gjennomsnittleg nedbør mm 45 43 43 38 42 60 54 43 41 37 46 47 539
Gns. dagar med regn 9 8 10 13 13 13 12 9 10 10 12 11 130
Kjelde: Pogoda.ru.net[9]


Historie endre

Byen vart grunnlagd 1776 av Potjomkin. Han skulle vere midtpunkt for dei områda som var erobra som eit resultat av den endelege underlegginga av dei ukrainske kosakkane i 1775 (storminga av hovudsetet deira Zaporizjzjia Sitsj), og sigeren mot Det osmanske riket i den russisk-osmanske krigen 1768–1775.

Byen fekk namnet Jekaterinoslav til ære for Katarina II av Russland. Han vart omdøypt til Dnepropetrovsk 1726 (seinare Dnipropetrovsk). Byen opplevde ein sterk vekst etter bygginga av Dneproges-dammen i 1932.

Kjelder endre

  1. Dnipropetrovsk mayors personal blog, arkivert frå originalen 25. september 2014, henta 9. september 2012 
  2. English map of 1820[daud lenkje]
  3. gorod.dp.ua Dnipropetrovsk region, statistics (ukrainsk)
  4. Ukrcensus.gov.ua — City Arkivert 2007-03-11 ved Wayback Machine. Vitja 9. september 2012.
  5. Nettstad for Sitsjeslav, arkivert frå originalen 27. august 2011, henta 9. september 2012 
  6. Andrew Wilson: Ukrainian Nationalism in the 1990s: A Minority Faith, Cambridge University Press, 1996, ISBN 978-0-521-57457-0, page 89
  7. «Verkhovna Rada renames Dnipropetrovsk as Dnipro», KyivPost, 19.05.2016 ; «Ukraine: Aus Dnipropetrowsk wird Dnipro», Spiegel Online, 19.05.2016 
  8. See also: klimadiagramme.de — Climate in Dnipropetrovsk URL accessed on 20 March 2007
  9. «Pogoda.ru.net» (på russisk). Mai 2011. Henta 21 April 2012. 

Bakgrunnsstoff endre