Do Not Disturb av Van der Graaf Generator

album av Van der Graaf Generator
Do Not Disturb
Studioalbum av Van der Graaf Generator
Språk engelsk
Utgjeve 30. september 2016
Innspelt Seint 2015 og våren 2016
Sjanger Progressiv rock, kunstrock
Lengd 57:07
Selskap Esoteric Recordings
Van der Graaf Generator-kronologi 
Merlin Atmos
(2015)
Do Not Disturb


Do Not Disturb er det 13. studioalbumet til det engelske progressiv rockebandet Van der Graaf Generator. Det kom ut på Esoteric Recordings den 30. september 2016.[2][3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
RTE4/5 stars[1]

Bakgrunn endre

I ei melding for TeamRock skreiv Kris Needs at vokalisten Peter Hammill hadde send organisten Hugh Banton og trommeslagaren Guy Evans ein CD med nye songar, som dei brukte ei veke å øve på, ei ny veke med å spele inn akkompagnement, og så seks månader med ekstra lydspor og finpuss i heimestudioa deira. Om albumet sa Needs: «Om, som Peter Hammill har indikert, dette er det siste Van der Graaf-albumet, så går desse Prog’s Lifetime Achievement-vinnarane dette året ut med ein slags tanke-ristande, nydeleg berg-og-dalbane som har gjort til eit av dei beste genuine progressive banda gjennom tidene. Men det finst òg ein tankevekkande aura og ei avsluttande kjensle på dette 13. albumet deira...»[4]

Mottaking endre

Paddy Kehoe melde albumet for RTÉog skildra sporet «(Oh No I Must Have Said) Yes» som «så prog at det nesten er ein parodi på sjangeren.. » På sporet «Brought to Book» og «Go», såg Kehoe anda til Richard Wright «svevande rundt dei.»[5]

I The Quietus skreiv Richard Rees Jones ikkje rivaliserer med den mørke stordomen til dei klassiske albuma til Van der Graaf Generator i 1970-åra. Han tilrådde nykomarar å byrje andre stader, med Still Life, Godbluff eller Pawn Hearts. Men han såg framleis albumet som «.. eit verdig tillegg til katalogen deira - om dette faktisk blir det siste albumet deira er det ein høvande slutt på den strålande karrieren deira».[6]

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Aloft»7:20
2.«Alfa Berlina»6:40
3.«Room 1210»6:48
4.«Forever Falling»5:40
5.«Shikata Ga Nai»2:29
6.«(Oh No! I Must Have Said) Yes»7:44
7.«Brought to Book»7:57
8.«Almost the Words»7:54
9.«Go»4:35

Medverkande endre

Musikars endre

Teknisk endre

  • Koordinator – Mark Powell, Vicky Powell
  • Design, kunst – Paul Ridout
  • Lydteknikar – Ben Turner
  • Mastering – Christian Wright
  • Fotografi Tamra Gray

Salslister endre

Liste (2016) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[7] 96
Italia (FIMI)[8] 48
Skotske album (OCC)[9] 57
Britiske album (OCC)[10] 88

Kjelder endre