Doge (uttalt [doːdʃe], «dådsje») var tittelen til statsoverhovuda i republikkane Venezia og Genova.[1] Det var dogar i Venezia frå 697 til 1797. Genova tok etter venetiansk modell tittelen i bruk frå 1339 til 1805.

Portrett av dogen Giovanni Mocenigo. Gentile Bellini, 1480.

Tittelen er avleidd frå det latinske dux, 'leiar',[1] som i den romerske republikken var ei nemning på den øvste militære leiaren i ein grenseprovins.

Dogen vart vald på livstid, mellom kandidatar frå dei rikaste og mektigaste familiane, men vart aldri ein arveleg tittel.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne historieartikkelen som har med Italia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.