Dogmefilm

manifest av Lars von Trier, Thomas Vinterberg, Kristian Levring and Søren Kragh-Jacobsen

Dogmefilm er omgrepet for slik spelefilm som er spela inn i samsvar med dei krava til filmregissørar som vart fastsette i eit manifest, manifestet for Dogme95, forfatta i København av dei danske regissørane Lars von Trier og Thomas Vinterberg. Manifestet var dagsett tysdag 13. mars 1995 og proklamert offisielt og opent 20. mars 1995 på théâtre de l'Odéon i Paris under ei samkome i høve hundreåret for film og kino. Ideane om dogmefilmar vart introduserte under filmfestivalen i Cannes i 1995.

Dogme95 var eit dansk kollektiv av filmregissørar som Lars von Trier og Thomas Vinterberg hadde teke initiativet til for å skape ei motkraft til kommersialiseringa av spelefilmen og den store interessa for spektakulære effektar i filmane som fylgde av dette, og målet med dogmefilmane var å setje soga og skodespelet i framgrunnen i filmen, i motsetnad til sjølve mediet.

Manifestet for Dogme95 var forma som ti lovnader for regissørar om å halde seg til «reinleik» eller kysk framferd i filmproduksjonen ("Vœu de chasteté eller The Vow of Chastity"). Etter desse lovnadene skulle mellom anna opptaka gjerast på den aktuelle staden, utan at det av omsyn til filmen vart plassert kulissar eller andre rekvisita der; filmen skulle gå føre seg her og no og ikkje innehalde overflatiske og overnaturlege handlingar; det skulle ikkje leggjast ljod på filmen som ikkje var med når opptaka vart gjort; det skulle ikkje nyttast særskild ljossetting, men det kunne nyttast ei lampe festa til kameraet dersom ljoset var for dårleg for filming; optiske filter skulle ikkje nyttast; kameraet skulle haldast i handa; regissøren skulle ikkje krediterast. Manifestet vart avslutta med at regissøren skulle avstå på alle måtar frå å fremje si personlege smak som regissør, av di han ikkje var kunstnaren i prosjektet. Soleis skulle regissøren halde seg vekk frå å skape eit «verk», av di det som skjedde i augneblikket skulle sjåast på som viktigare enn heilskapen. Det høgste målet skulle vere å få fram med alle midlar den sanninga som låg i det skodespelarane og scenene i filmen stod for, på kostnad av regissørens eigen smak og etiske vurderingar.

Den fyrste dogmefilmen var Thomas Vinterbergs Festen (1998), og deretter fylgde Lars von Triers Idioterne (1998). Etter kvart vart det i ulike land laga mange filmar som vart rekna som dogmefilmar.

Spelefilmar som er rekna som dogmefilmar endre

  • Festen (1998) - Thomas Vinterberg
  • Idiotene (1998) - Lars von Trier
  • Mifunes Sidste Sang - Søren Kragh-Jacobsen
  • The King Is Alive - Kristian Levring
  • Lovers - Jean-Marc Barr
  • Julien Donkey-Boy - Harmony Korine
  • Interview - Daniel H. Byun
  • Fuckland - Jose Luis Marques
  • Babylon - Vladan Zdravkovic
  • Chetzemoka's Curse - Rick Schmidt, Maya Berthoud, Morgan Schmidt-Feng, Dave Nold, *Lawrence E. Pado, Marlon Schmidt and Chris Tow
  • Diapason - Antonio Domenici
  • Italiensk For Begynnere - Lone Scherfig
  • Amerikana - James Merendino
  • Joy Ride - Martin Rengel
  • Camera - Rich Martini
  • Bad Actors - Shaun Monson
  • Reunion - Leif Tilden
  • Et Rigtigt Menneske - Åke Sandgren
  • Naar Nettene Blir Lange - Mona J. Hoel
  • Strass - Vincent Lannoo
  • En Kjærlighetshistorie - Ole Christian Madsen
  • Era Outra Vez - Juan Pinzás
  • Resin - Vladimir Gyorski
  • Security, Colorado - Andrew Gillis
  • Converging With Angels - Michael Sorenson
  • The Sparkle Room - Alex McAulay
  • Come Now
  • Elsker Dig For Evigt - Susanne Bier
  • The Bread Basket - Matthew Biancniello
  • Dias De Boda - Juan Pinzas
  • El Desenlace - Juan Pinzas
  • Se til venstre, Der er en svensker - Natasha Arthy
  • Residencia - Artemio Espinosa Mc
  • Forbrydelser - Annette K. Olesen
  • Cosi x Caso - Cristiano Ceriello