Dogs
Singel av The Who
B-side

Call Me Lightning

Språk engelsk
Utgjeve 14. juni 1968 (Storbritannia)
Innspelt Advision Studios
Sjanger
Lengd 3:04
Selskap Track 604 023
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Kit Lambert
The Who-kronologi 
«I Can See for Miles»
(1967)
Dogs «Magic Bus»
(1968)


«Dogs» er ein song av The Who frå 1968[1]. Han vart gjeven ut som singel og nådde 25. plass på den britiske singellista.

Teksten til Dogs er skriven av Pete Townshend og basert på ei romantisk oppleving og øl på Greyhound racing. Både Roger Daltrey, Pete Townshend og John Entwistle har vokal på songen. Singelen selde ikkje stort då han kom ut, kanskje på grunn av den litt rare stilen. Songen inneheld både synging og prating og avsluttar med tekstlinja «Lovely buttocks». På korvokal og munnspel spelar venen til Pete Townshend, Chris Morphet. Singelen Dogs vart aldri gjeven ut i USA og vart først offisielt tilgjengeleg her på ei raritetssamling i 1987.

Ein seinare song, «Dogs Part Two», vart gjeve ut som b-sida til «Pinball Wizard». Trass i tittelen er dei to songane musikalsk heilt ulike. «Dogs Part Two» er ein instrumental tilskriven Keith Moon.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. oktober 2007, henta 27. juni 2009