Dokketeater er ei form for teater der rollene i skodespelet vert framstilte av dokker eller figurar.

Enkelt italiensk dokketeater med handdokker av den faste commedia dell'arte-skapnaden Pulcinello. Illustrasjon frå kring 1770.
Tysk omreisande «kikeskåp» med figurar på måla glassplater. Frå kring 1835.
Indonesisk dokke frå Bali til bruk i tradisjonelt skuggeteater. Frå tidleg på 1900-talet.
Ei samling marionettefigurar frå eit tysk dokketeater.
Dokke eller figur av George W. Bush i amerikansk demonstrasjonstog i 2005.

Typar endre

Ofte vert dokketeater delt inn i typar etter rørsla for dokkene i framføringane. Dei vanlegaste typane er

  • marionettar, som blir styrt ved hjelp av snorer og stavar,
  • stong- eller handdokker, som blir styrt nedanfrå eller som ein hanske, eller
  • flate dokker som blir opplyst bakfrå og vert brukt i skyggeteater.

Scenene kan variere frå store teaterscener med imponerande scenografi og komplisert mekanikk til svært enkle einmannskassar.

Figurteater er ei nyare form for dokketeater som blandar dokker, figurar og levande skodespelarar i forskjellige scenografiske uttrykk, ofte i stykke også berekna på vaksne.

Dokketeater som kunstnarisk uttrykk og underhalding er dessutan nært i slekt med moderne dokkefilm.

Historie endre

Dokketeatertradisjonane strekkjer seg tilbake til det gamle Egypt, Hellas og Italia. Det er gjort fleire arkeologiske funn som tyder på dette, og skuggedokker er også nemnt i den greske filosofien.

Den katolske kyrkja tok tidleg i bruk dokketeater for pedagogiske føremål. Ei dokke av den unge Jomfru Maria, på fransk Marion, var ein vanleg figur i kyrkjespel i mellomalderen og gav blant anna namn til omgrepet marionett. Ei folkeleg form oppstod parallelt frå 1500-talet med utgangspunkt i commedia dell'arte, lystige improvisasjonskomediar med faste rollefigurar. Den italienske Pulcinello-figuren blei ført vidare i Punch-figuren i England, Polichinelle i Frankrike, Hanswurst eller Kasper i Tyskland, Petrusjka i Russland, Mester Jackel i Danmark og Kasper i Sverige. Slikt dokketeater vert framleis kalla kasperteatersvensk. Det vendte seg opphavleg til vaksne, men blei sidan særleg utforma for barn.

I Austen har dokketeaterkunsten lenge vore høgt vørdt. Høgdepunktet i Japan blei nådd på 1500-talet då fleire høgvørde forfattarar skreiv stykke for dokketeaterspel. Seinare har særleg indonesisk skuggeteater stått sterkt.

I moderne tid har dokketeater i form av komiske handdokker blitt verdskjend gjennom dei amerikanske TV-seriane Muppetshow og Sesame Street, som i Noreg blei presenterte gjennom den pedagogiske barne-TV-serien Sesam Stasjon. Andre døme på populære filmar frå nyare tid er Team America og The Thunderbirds, der rollene blir framstilte ved hjelp av marionettfigurar. I Noreg er særleg italiensk-norske Ivo Caprino sine animasjonsfilmar blitt populære, filmar der dokkene ofte er styrt ved hjelp av mekaniske innretningar. Bjørg og Arne Bust Mykles Pompel og Pilt var ei kontroversiell dokketeater-serie på NRK sitt barne-TV i 1970-åra; nokre tiår seinare fekk serien nær kultstatus.[1]

I Noreg endre

Det er ei rekkje store og mindre dokketeaterscener og -ensemble i Noreg i dag. Anne Helgesen har i si doktoravhandling om dokketeateret si historie og status i Noreg påvist at det har vorte spela dokketeater i landet i mange hundreår. Men det var ikkje før i siste halvdel av 1900-talet at dokketeaterensemble blei integrert i institusjonsteatera.

I Oslo var Julian Strøm sjef for Folketeatret sitt dokketeater frå 1953 til 1959. Då Folketeatret og Det Nye Teater slutta seg saman i 1959, fylgde Strøm med og vart sjef for dokketeateret i nyskipinga Oslo Nye Teater.[2] Frå 1966 til 2003 var Frogner Hovedgård (Oslo Bymuseum) tilhaldsstaden for Oslo Nyes Dukketeater. I 2003 flytta dokketeateret til Trikkestallen, der teateret framleis held til (2017).

Utøvarar endre

Kjende norske dokkespelarar er Arne Bust Mykle, Bjørg Mykle, Birgit Strøm, Anne Helgesen og Åsmund Huser. I Tsjekkia, der dokketeaterkulturen har lange og sterke tradisjonar, er blant anna Jan Svankmajer kjent for å blande dokketeater og animasjonsfilm. I USA har det vore fleire buktalarar med kjende dokker, blant anna Edgar Bergen og hans populære Charlie McCarthy.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Arne Bust Mykle er død» (på norsk). Nettavisen. 13. oktober 2015. Henta 25. november 2017. 
  2. Øystå, Øystein. «Julian Strøm». Norsk biografisk leksikon. Henta 11. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dokketeater