Dombås er eit sokn og ein tettstad i Dovre kommune, nørdst i Gudbrandsdalen i Oppland i Innlandet fylke.

Dombås
tettstad
Dombås sett mot sør
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Dovre
Areal 1,57 km²
Folketal 1 145  (2023)
Folketettleik 729 / km²
Postnummer 2660 DOMBÅS
Preposisjon Dombås
Kart
Dombås
62°04′00″N 9°08′00″E / 62.066666666667°N 9.1333333333333°E / 62.066666666667; 9.1333333333333
Wikimedia Commons: Dombås

Dombås sokn endre

Domåsgrendi og Blestergrendi høyrde opphavleg til Lesja sokn, men i 1861 blei dei overflytta til Dovre sokn[1]. Etter etableringa av jernbanen og den etterfølgjande folkeauken på Dombås kom ønske om eiga kyrkje og i 1939 blei Dombås kyrkje vigsla. I seinare år har Dombås også blitt utskilt frå Dovre som eit sokn for seg sjølv, med om lag 1 410 innbyggjarar (2013). Soknegrensa går omtrent langsmed Tungbekken og Hjellåi på høvesvis vestsida og austsida av Gudbrandsdalslågen.

Dombås tettstad endre

Tettstaden Dombås ligg like aust for Gudbrandsdalslågen, og er med sine 1 145 innbyggjarar per 1. januar 2023 den folkerikaste i kommunen. Han er eit trafikknutepunkt mellom Austlandet, Trøndelag og Vestlandet: Hovudårene mellom Oslo i sør og Trondheim i nord, E6 og Dovrebanen, blir her møtt av E136 og Raumabanen som kjem frå Romsdal i vest.

Tettstaden er opphavleg ein stasjonsby som voks fram etter at Dombås stasjon opna i 1913.

 
Dombås kyrkje
 
Dombås stasjon
Folketalsutvikling i Vågåmo
År Innbyggjarar
1920
  
225
1930
  
321
1946
  
419
1950
  
502
1960
  
664
1970
  
1 114
1980
  
1 176
1990
  
1 178
2000
  
1 014
2009
  
1 116
2012
  
1 185
Kjelder:

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre