Domenico Scarlatti

italiensk komponist

Domenico Giuseppe Scarlatti (26. oktober 168523. juli 1757) var ein italiensk komponist frå den barokke perioden.

Domenico Scarlatti

Domenico Scarlatti, portrettert av Domingo Antonio Velasco i 1738
Fødd26. oktober 1685
FødestadNapoli
Død23. juli 1757 (71 år)
DødsstadMadrid
FødenamnDomenico Giuseppe Scarlatti
OpphavKongeriket Spania, Kongedømet Napoli
PeriodeBarokken
InstrumentCembalo, orgel
Verka somKomponist
FarAlessandro Scarlatti
Gift medMaria Caterina Gentili, Anastasia Maxarti Ximenes
PrisarCaballero de la Orden de Santiago

Han var son av Alessandro Scarlatti, ein annan kjend italiensk barokkomponist. Også den eldre broen Pietro Filippo Scarlatti var musikar og komponist. Truleg fekk Domenico den første musikkopplæringa av far sin. Han fekk den første stillinga si som organist i hoffet til visekongen i Napoli i 1701.

Scarlatti var ein særs god cembalist, og ei (noko tvilsam) historie skal ha det til at han duellerte med Georg Friedrich Händel i Roma i 1708. Der vart, etter sigande, Scarlatti utropt til vinnar på cembalo, medan Händel var hakket kvassare på orgel.

I 1721 reiste Scarlatti til Portugal, for å vere musikklærar hjå det portugisiske hoff, og mellom oppgåvene der underviste han prinsesse Maria Barbara. I 1725 reiste han attende til Napoli, og i 1728 gifta han seg der med Maria Caterina Gentili. Men då prinsesse Maria Barbara gifta seg med den spanske kronprinsen i 1729, spurte ho om Scarlatti kunne koma til Spania for å vere musikkmeistar hjå det spanske hoffet. Scarlatti tok med seg familien, og budde i Sevilla fram til 1733, då han flyta til Madrid. Etter at Maria Caterina døydde, gifta Scarlatti seg om att i 1739 med spanske Anastasia Maxarti Ximenes.

Sjølv om Scarlatti skreiv både operaverk og kyrkjemusikk, så er han først og fremst kjent for sine 555 cembalosonatar (eller klaversonatar). Desse er truleg alle skrivne medan han arbeida for Maria Barbara, og truleg er mange skrivne som øvingsstykke for henne.

Sonatane til Scarlatti er virtuose, dei er fulle av brå overgangar, lange sprang, ofte med kryssande hender, og han bruker ofte dissonante akkordar. Dissonansane er så «moderne», at dei vart tekne vekk i utgåver av notane som vart utgjevne på slutten av 1800-talet.

Scarlatti vert rekna som skaparen av moderne klaverteknikk. Rett nok er sikkert dei fleste av sonatane skrivne for cembalo, men det moderne klaveret vart utvikla i gjennom 1700-talet, og han har truleg hatt tilgang til det og.

Innspelingar av Scarlatti-sonatar endre

  • Pierre Hentai, cembalo
  • Kenneth Weiss, cembalo
  • Sveinung Bjelland, piano
  • Naxos spelar inn ein komplett serie, piano

Notar endre

  • Komplett sett finst på [1]