Don (russisk Дон) er ei av dei store elvane i Russland. Ho spring ut ved Novomoskovsk, 60 km frå Tula, søraust for Moskva, og renn 1870 km til Azovhavet.

Don
elv
Don i Voronezj oblast
Land  Russland
Del av Unified Deep Water System of European Russia
Nedslagsfelt 422 000 km²
Lengd 1 870 km
Middelvassføring 900 /s
Kjelde ved Novomoskovsk
 - høgd 180 moh.
Munning Azovhavet
Kart
Don
54°00′44″N 38°16′40″E / 54.0122°N 38.2778°E / 54.0122; 38.2778
Wikimedia Commons: Don River

Frå kjelda renn elva først søraustover til Voronezj, så sørvestover til munningen. Den største byen langs elva er Rostov-na-Donu og den største sideelva er Donets.

Historie endre

I antikken vart elva rekna som grensa mellom Europa og Asia.[1] I Boka om Jubelåra vert ho nemnd som grensa frå det vestlegaste punktet og til munningen, mellom landområda til Jafet i nord og Sem i sør, sønene til Noah. I perioden under dei gamle skytarane vart elva på gresk kalla Tanaïs og har vore ei stor transportåre sidan den gong.

Tanais dukkar opp i gamle greske kjelder som namnet på elva og byen som låg her, ved Dei maeotiske myrområda. Namnet kjem truleg frå det skytisk-iranske Dānu, «elv», som er i slekt med det moderne ossetiske don, som tyder «elv».

Ved det austlegaste punktet i elva er Don nær Volga. Volga-Don-kanalen, med ei lengd på om lag 105 km, går her mellom dei to elvane og er ei viktig transportåre. Khazar-festninga i Sarkel dominerte dette området i mellomalderen. Denne delen av elva var òg åstad for kraftige kampar under Operasjon Uranus, eit av vendepunkta under den andre verdskrigen.

Don har gjeve namn til don-kosakkar, som slo seg ned i den frodige dalen på 1500- og 1600-talet. I moderne litteratur er Don særleg sentralt i verka til Mikhail Sjolokhov, ein frofattar frå stanitsaen Vesjenskaja.

Kjelder endre

  1. Norman Davies (1997). Europe: A History. s. 8. ISBN 0-7126-6633-8.