Don't Forget to Dance

Don't Forget to Dance
Singel av The Kinks
frå albumet State of Confusion
B-side

«Bernadette»

Utgjeve 1. august 1983 (USA)
30. september 1983 (Storbritannia)
Innspelt September/oktober 1982
Studio Grand Slam Studios i East Orange i New Jersey & Konk Studios i London
Sjanger pop
Lengd 4:39
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Come Dancing»
(1982)
Don't Forget to Dance «State of Confusion»
(Europa 1983)
---
«Good Day»
(UK, 1984)
---
«Do It Again»
(US, 1984)


«Don't Forget to Dance» er ein song frå 1983 av den engelske rockegruppa The Kinks, gjeven ut som singel det året og på albumet State of Confusion.

Produksjon endre

«Don't Forget to Dance» vart først spelt inn i Grand Slam Studios i New Jersey og Konk Studios i London i september og oktober 1982. Miksinga og redigeringa forsette ut året og inn i tidleg 1983.[1] Sjølv om songen etter kvart vart gjeven ut som oppfølgjaren til «Come Dancing», som òg kom frå State of Confusion, ønskte selskapet til The Kinks, Arista Records, at denne songen skulle vere den første singelen frå albumet. Ray Davies overtydde Arista om å gje ut «Come Dancing» først, og denne vart ein stor hit. «Don't Forget to Dance» kom ut på singel i august 1983 i USA og månaden etter i Storbritannia.

Mottaking endre

Songen nådde 58. plassen i Storbritannia og vart den siste singelen deira som nådde Topp 40 på Billboard Hot 100 i USA, der han nådde 29. plassen.[1][2] I USA nådde han òg 16. plassen på Billboard Mainstream Rock-lista og 23. plassen på Billboard Adult Contemporary-lista.[2] Songen nådde òg 20. plassen i Canada og 38. plassen i New Zealand.

Teksten endre

Teksten er bittersøt og observerer ei einsam, vaksen kvinne.[3] Venen hennar har alle anten «gifta seg, forsvunne, eller forlate ho» og ho sit att med eit «knust hjarte».[4] Kritikaren Don McLeese i Chicago Sun Times skreiv at «'Don't Forget to Dance' har ein grasiøs melodi i same stemning som 'Waterloo Sunset'.»[1]

Video endre

Musikkvideoen til «Don't Forget to Dance» var produsert av Michael Hamlyn og regissert av Julien Temple, som òg hadde laga videoen til «Come Dancing». Videoen vart filma i juli 1983 og først send i Tyskland 1. august. I USA vart han vist første gongen den 3. september på MTV og i Storbritannia først i november. Videoen repeterer somme element frå videoen til «Come Dancing», inkludert at Kinks spelar sjølv i ein ballsal, og Ray Davies prøver å få ei jente.[1] Videoen inneheld òg ein draumesekvens basert på den tidlege perioden til bandet og inkluderer eit kostymeball i eit herskapshus.[1]

Andre versjonar endre

I 1985 spelte den austerrikske musikaren Sigi Maron «Don't Forget to Dance» med wienertysk tekst som «Geh no net furt» på albumet sitt Unterm Regenbogen.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hinman, D. (2004). The Kinks: All Day and All of the Night: Day by Day Concerts, Recordings, and Broadcasts, 1961-1996. Backbeat Books. s. 5, 22, 254–260. ISBN 978-0-87930-765-3. 
  2. 2,0 2,1 «The Kinks Billboard Singles». allmusic. Henta 27. april 2018. 
  3. Rogan, J. (1998). The complete guide to the music of the Kinks. Omnibus Press. s. 137–138. ISBN 978-0-7119-6314-6. 
  4. «State of Confusion». allmusic. Henta 27. april 2018. 
  5. «Tanz den Karl Marx». DerStandard.at (på tysk). Der Standard. 16. juni 2011. Henta 26. april 2015. 

Bakgrunnsstoff endre