Don't Let Me Be Misunderstood

Don't Let Me Be Miss Understood
Song av Nina Simone
frå albumet Broadway, Blues, Ballads
Utgjeve 1964
Innspelt New York City
Sjanger Soul, jazz
Lengd 2:45
Selskap Philips Records
Komponist Horace Ott, Bennie Benjamin, Sol Marcus
Tekstforfattar Horace Ott, Bennie Benjamin, Sol Marcus
Låtskrivar(ar) Bennie Benjamin, Gloria Caldwell, Sol Marcus

«Don't Let Me Be Misunderstood» er ein song skriven av Bennie Benjamin, Gloria Caldwell og Sol Marcus for songaren og pianisten Nina Simone, som først spelte inn songen i 1964. «Don't Let Me Be Misunderstood» er spelt inn og framført av mange artistar, og ein av dei mest kjende versjonane er bluesrockhitten frå 1965 av The Animals. I 1977 vart ei disco/latin-utgåve av Santa Esmeralda òg ein hitt.

Nina Simone endre

Opphavet til «Don't Let Me Be Misunderstood» kom frå komponist og arrangør Horace Ott, som laga melodi og refrenglinja etter ein krangel med kjærasten (og seinare kona), Gloria Caldwell.[1] Han tok så songen med seg til skrivepartnarane sine Bennie Benjamin og Sol Marcus for å gjere han ferdig. Då dei skulle skrive ned kven som hadde skrive songen, hindra reglane på denne tida at BMI-låtskrivarar (Ott) offisielt kunne samarbeide med ASCAP-medlemmar (dei to andre), så Ott førte i staden Caldwell opp på songen.[1][2]

«Don't Let Me Be Misunderstood» var ein av fem songar av Benjamin og Marcus, som dei skreiv for Nina Simone-albumet Broadway-Blues-Ballads frå 1964. Her er songen i langsamt tempo og arrangert kring harpe og andre orkesterelement, eit kor kjem inn fleire stader. Simone syng songen i den vanlege stilen som er vanskeleg å kategorisere. I lag med «A Monster», vart «Don't Let Me Be Misunderstood» var gjeven ut som singel i 1964, men nådde ikkje listene.

Fleire tiår seinare vart songen nytta i ein reklame for Christian Dior-parfymen J'Adore, med Charlize Theron. Han vart òg nytta i den polske filmen Rewers frå 2009.

The Animals-versjonen endre

Don't Let Me Be Misunderstood
Singel av The Animals
frå albumet Animal Tracks
B-side

«Club A Go-Go»

Språk engelsk
Utgjeve Januar 1965 (UK)
Februar 1965 (USA)
Innspelt 1964?
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 2:28
Selskap Columbia Graphophone (UK)
MGM Records (U.S.)
Komponist Horace Ott, Bennie Benjamin, Sol Marcus
Tekstforfattar Horace Ott, Bennie Benjamin, Sol Marcus
Låtskrivar(ar) Bennie Benjamin
Gloria Caldwell
Sol Marcus
Produsent Mickie Most
The Animals-kronologi 
«I'm Crying»
(1965)
Don't Let Me Be Misunderstood «Bring It On Home to Me»
(1965)


Songaren i The Animals, Eric Burdon, sa seinare om songen: «Han var aldri rekna som ein popsong, men me fekk han likevel og likte han med ein gong»[3] The Animals spelte songen som ein R&B/rock-song, gjorde han i høgare tempo og starta med eit minneverdig riff på elektrisk gitar og orgel frå Hilton Valentine og Alan Price.

Gruppa fekk ein hitt med songen tidleg i 1965, og nådde 3. plass på UK Singles Chart, 15. plass på Billboard Hot 100 i USA og 4. plass i Canada.

Denne singelen vart rangert av Rolling Stone som den 322. beste songen gjennom tidene i 2010.

Santa Esmeralda-versjonen endre

Ein disco-versjon av songen av Santa Esmeralda med Leroy Gomez, nytta The Animals sitt arrangement og la til noko disco, flamenco, salsa, og andre latinsk rytmar. Denne vart ein hit i 1970-åra. Han kom først ut sommaren 1977 som ein 16 minuttar langsong, som tok opp ei heil plateside på albumet deira med same namn. Det vart laga ein 12" klubbremiks som òg vart særs populær. Denne nådde førsteplassen på den amerikanske Club Play Singles-lista og gjekk inn på listene somme stader i Europa òg.[4] Han vart gjeven ut som ein popsingel året etter, og nådde då 15. plass på Billboard Hot 100 tidleg i 1978. NBC Sports nytta seinare songen i sendingane sine, særleg utan dekninga av World Series.

Andre versjonar endre

Eric Burdon har spelt inn songen fleire gonger på ny gjennom åra. Andre som har spelt inn songen er Joe Cocker, The Moody Blues, Elvis Costello, Cyndi Lauper, Place of Skulls, Uthanda, Julie Driscoll med Brian Auger, Mike Batt, Trevor Rabin, Dwight Adams, No Mercy, Alabina (kalla «Lolole»), John Legend, Lou Rawls, Gary Moore, Robben Ford, OffBeat, New Buffalo, Farhad Mehrad, The Killers, the Doug Anthony All Stars, Lyambiko, The Lucky Devils, The Shiver, Di'Anno og Savage Circus.

På konsertar i 1980-åra spelte Dire Straits det sentrale temaet i «Don't Let Me Be Misunderstood» under ein instrumental introduksjon til deira «Tunnel of Love».

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Hilton Valentine, "Stories", Hiltonvalentine.com, 2001-04-28. Henta 17. des. 2011.
  2. "Songwriter, Arranger Horace Ott", www.fyicomminc.com Jazzmen. Henta 17. des. 2011.
  3. Rolling Stone, "The Animals" Arkivert 2007-07-05 ved Wayback Machine., Rollingstone.com..
  4. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 227.