Donald Davidson (6. mars 191730. august 2003) var ein amerikansk filosof frå Massachusetts i USA. Han var i den analytiske tradisjonen som har hatt spesielt stor innverknad på sinnsfilosofi, språkfilosofi og handlingsfilosofi. Sjølv om det meste han har skrive er i korte essay utan uttrykkeleg referanse til nokon overvegande teori, er arbeidet hans kjent for å vere veldig konsistente og samordna - han har nytta same metodar og idéar på ei rekkje vidtspennande problem. Han har òg klart å knyte saman arbeidet til ei rekkje filosofar, t.d. Aristoteles, Kant, Wittgenstein, Frank P. Ramsey, W.V. Quine og G. E. M. Anscombe.

Donald Davidson
Statsborgarskap USA
Fødd 6. mars 1917
Springfield
Død

30. august 2003 (86 år)
Berkeley

Yrke filosof, universitetslærar
Språk engelsk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences
Religion ateisme

Handlingar og hendingar endre

Davidson sin ontologi inkluderer hendingar saman med personar og andre objekt. I essayet Actions, Reasons and Causes argumenterer Davidson mot det rådande synet om at aktøren sine grunnar for å handle ikkje kan vere årsak til handlinga. Dette synet (som ein gjerne tilskreiv Wittgenstein) var basert på at kausallovar måtte vere presise og mekanistiske. Davidson argumenterte for at sjølv om grunnen vert uttrykt upresist, kan det å ha ein grunn likevel vere ein tilstand som kan forårsake åtferd. Seinare essay utbroderer tanken om at ei hending kan identifiserast og forklarast som ei handling dersom ho kan sjåast både som forårsaka av og rasjonalisert av grunnar.

Anomisk monisme endre

I Mental Events set Davidson fram ein slags «identitetstese» i sinnsfilosofien: mentale hendingar er berre hendingar i hjernen, og mentale tilstandar er hjernetilstandar. For identitetsteoriar har det vore vanskeleg å redusere mentale tilstandar (eller proposisjonale haldningar) - som det å «tru at himmelen er blå» eller å «ha lyst på mat» - til fysiske nevronfyringar i hjernen. Davidson argumenterer for at ein slik reduksjon ikkje er naudsyn i ein identitetsteori, kvar individuelle mentale tilstand eller hending er den korresponderande hjernetilstanden eller -hendinga, men: det tydar ikkje at det finst lovar som relaterer typar av mentale hendingar eller tilstandar med dei i hjernen. Dei tidlegare nemnte døma er slike typar - medan i kvar faktisk situasjon vil me ha ein unik hending (eller tilstand), som berre skjer ei gong i historia og berre med det eine mennesket, og denne unike hendinga - eit «token» - kan me altså òg skildre som ei reint fysisk hending, forårsaka av andre hendingar på fysisk nivå kor det finst presise kausallovar.

Davidson kalla denne posisjonen anomisk monisme. Det er monisme fordi berre ein substans var naudsyn for å forklåre sinn og hjerne, og anomisk (gr. a-, «ikkje», og nomos, «lov») fordi me ikkje kan kople hjernetilstandar og mentale tilstandar vha. lovar.

Språkfilosofi endre

I Truth and Meaning argumenterer Davidson for at kvart språk som kan lærast, må kunne skildrast i ei endeleg (finitt) form, sjølv om språket teoretisk har høve til å produsere uendeleg mange (samansette) uttrykk - slik me føreset at menneskelege språk i prinsippet kan. Grunnen er at mennesket lærer språk gjennom ein endeleg, røynslebasert (empirisk) metode.


Kjelder endre