Donaudeltaet (Delta Dunăriirumensk) ligg i grenseområdet mellom Dobrogea (Romania) og i Odes'ka oblast' (Ukraina). Det er det største og best bevarte deltaet i Europa, med eit areal på heile 3446 km².

Den nordre delen av Donaudeltaet
Satellittbilete

I 1991 vart Donaudeltaet teke inn i UNESCO si verdsarvliste og lista over biosfære-reservat.

Geografi endre

Donaudeltaet vert om lag 40 meter breiare kvart år grunna det store sedimenttilfanget som vert ført nedover elva Donau. Difor er deltaet i kontinuerleg endring. I nærleiken av Tulcea vert Donau delt opp i tre skilde elveløp før den endar i havet; Chilia, Sulina og Sfântu Gheorghe (St. Georg). I tillegg til desse tre vert deltaet delt opp i mindre delar av mange fleire små vasstraumar. Deltaet er so stort at det rommar store siv-, sump- og til og med skogområde. Nokre av desse områda vert årleg utsette for flaum kvar haust.

I 2004 byrja Ukraina eit arbeid på Bistroekanalen, eit arbeid som tek sikte på å gjere det mogeleg å ta seg frå Svartehavet til den ukrainske delen av deltaet med båt. EU protesterte og kravde at Ukraina skulle avslutte arbeidet for å verne om våtmarkene i deltaet, og Romania trugar med å stille Ukraina for den internasjonale domstolen i Haag.

Natur endre

Det veks meir enn 1200 ulike plantetypar på deltaet, saman med 300 skilde fugleartar og 45 sjøfiskar som òg lever i området. I tillegg kjem fleire millionar fuglar frå store delar av verda, (Europa, Asia, Afrika, Middelhavsområda) til deltaet for å legge egg. Om lag 2,733 km² av deltaet er strengt verna område.

I følgje den greske historikaren Herodot er det heile 2500 år sidan elva delte seg i sju greiner.

Folkesetnad endre

Det bur om lag 15 000 menneske på deltaet, og den viktigaste næringsvegen for dei fleste er fiske frå kajakk.

Ein del av folkesetnaden er ei gruppe lippovanar, som stammar frå ei russisk religiøs gruppe som flykta frå Russland i 1772 for å sleppe unna religiøs undertrykking og forfølging. Sentrumet for det lippovanske samfunnet i Ukraina er Vilkovo.

Bakgrunnsstoff endre